Sitemap Print Kontakt oss/Contact us In Englishspacer
spacer
Universitet og høgskole Utenlandsk utdanning Fagskole Om NOKUT
spacer
graphic
Du er her: Nokut.no » Universitet og høgskole » Revidering av akkreditering » Sykepleie

Revidering av bachelorutdanning i sjukepleie samt masterutdanning i sjukepleievitskap

NOKUT sette hausten 2004 i gong revidering av akkreditering av alle bachelorgradsstudier og mastergradsstudier i sjukepleie.

Styret til NOKUT fatta 10. november 2005 vedtak i revideringa av akkrediterte studietilbod i sjukepleie: Begge mastergradsstudiene som var med i revideringa tilfredsstilte krava, medan berre eit av dei 31 bachelorgradstudiene som var med i revideringa tilfredsstilte krava. Institusjonar med studietilbod som ikkje tilfredsstilte krava fekk tidsfristar på inntil to år på å utbetre forholda.

Prosjektplan
Prosjektplan for revidering av sjukepleieutdanning blei vedteke 12. august 2004.

Plan for framdrift
Revideringa av sjukpleieutdanninga vil gå føre seg fram til juni 2008. Se vedlagte milepælsplan for Fase 2.

Fasar i revideringa
Den innleiande revideringa som førte til vedtak av 10.nov 2005 vert kalla Fase 1. Då vedtaka om førebels underkjenning blei gjort, ga styret til NOKUT institusjonane eit års frist for utbetring av studieplan, kvalitetssikring og infrastruktur. Dette vert kalla fase 2 i prosjekt sjukepleierevidering, medan oppfølging av vedtaka om førebels underkjenning av fagmiljø vert kalla fase 3.

Ny framstilling av studiet – eit års frist for oppretting (Fase 2)
Institusjonar med studietilbod som ikkje tilfredsstiller krava til studieplan, infrastruktur og kvalitetssikring får eit års frist for å tilfredsstille krava. Denne vurderinga er no i gong.

Ny framstilling av fagmiljøet – to års frist for oppretting (Fase 3)
Fristen for å fremstille seg der mangelen er knytta til kompetansekrav for dei tilsette i undervisnings- og forskarstillingar er 10.11.2007. Ny vurdering av fagmiljøet forutsettar at institusjonen sendar inn ny dokumentasjon knytta til § 2-1 (2) i den reviderte forskrifta til NOKUT.

Skjemaet "Kvantitative data om fagmiljøet i bachelorgradstudiet i sjukepleie" (faktaark) nyttast for rapportering om fagmiljøet.


spacer

Relatert informasjon

Revidering av akkreditering

Standardar, kriterier, fagleg nivå og dokumentasjon

Sakkunnige komitear

Rapportar om vedtak for revidering av sykepleie - alle fasar

Pressemeldingar om vedtaka for revidering av sykepleie - fase 1

Pressemelding om Høgskolen i Oslo

Pressemelding om Høgskolen i Bergen

ProsjektplanLast ned dokument

Framdriftsplan fase 2Last ned dokument

Framdiftsplan fase 3 Last ned dokument

Skjema for kvantitative data om fagmiljø fase 3Last ned dokument

Kva utgjer eit fagmiljø? (revidert 25.06.2007)Last ned dokument

Informasjonsbrev fase 3 Last ned dokument




spacer
spacer
© NOKUT 2001 - 2007.