Ulike faglege tradisjonar i planleggingsfaget:
Riving eller vern av trehusmiljøa?

KittangDet har vore skarpe motsetningar mellom riving og vern av dei gamle trehusmiljøa i Trondheim frå 1965 og fram til i dag. I avhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU studerer sivilarkitekt Dag Kittang (57) frå Florø byplandebatten i dette tidsrommet. Arbeidet vil få betydning for teoriutviklinga innanfor byplanlegging.

I spenningsfeltet mellom ulike planleggingsteoriar
Kittang ser på desse motsetningane som konfliktar mellom ulike måtar å forstå og verdsette dei kulturelle og sosiale verdiane av trebyen på. Sidan 1965 har det skjedd ei markert endring av desse forståingsformene. Avhandlinga, som har sitt grunnlag i det strategiske forskingsprogrammet ”Tre som byggemateriale”, studerer desse endringane og påstår at endringar skjer i spenningsfeltet mellom ulike planleggingsteoriar. Planleggingsfaget har grunnlag i ulike faglege tradisjonar som forstår byen på ulike måtar og har utvikla ulike haldningar og meiningar om korleis den historiske byen kan utviklast. 
 
Avhandlinga
Avhandlinga har tittelen “Trebyen Trondheim – forvitring og fornying. Ein studie av ein byplandiskurs”. Arbeidet er utført ved Institutt for byggekunst, historie og teknologi, NTNU, med professor Harald Høyem som hovudrettleiar og professor Øyvind Thomassen som medrettleiar. Arbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd.

Dag Kittang er sivilarkitekt (1974) frå Arkitekturavdelinga, Noregs tekniske høgskole, og har disputert for graden PhD. Han er tilsett som seniorforskar ved Sintef Byggforsk.

Kontaktinformasjon: Dag.Kittang@sintef.no

Doktorgrader ved NTNU - kontinuerlig oppdatert


Ansvarlig redaktør: Informasjonsdirektør NTNU, Kontaktinformasjon