menu

menu


menu
menu
menu
menu

Tema: Sikkerhet

Avdekker ubrukeleg teknologi

Av Magnhild Sægrov


Åsta- og Sleipnerulykka har mint oss på kor viktig det er å designe teknologien etter mennesket, ikkje det motsette. Ved NTNU finst ekspertise og en lab for brukbarhetstesting av teknologi. Næringslivet er ein viktig kunde.

Ivrige teknologibedrifter vil gjerne selje deg spesialiserte duppedingsar som berre dei sjølve kjenner bruken av. Men no er ei internasjonal haldningsendring nådd Noreg; effektiv teknologidesign vil ta utgangspunkt i testing på vanlege folk for å finne ut kva dei eigentleg treng.

Thomas Hoff, stipendiat ved Institutt for produktdesign utgjer saman med førsteamanuensis Trond Are Øritsland ved NTNU faglege kompetanse på området. Saman har dei mellom anna testa pasientsimulatorar, flaskepanteautomatar og taktekkingsmaskiner for ulike bedrifter. Fleire og fleire bedrifter ønskjer å testa deira produkter. NTNU får no langt fleire oppdrag frå næringslivet enn dei klarer å ta unna.

Brukbarhetstesting
Mykje av testinga går føre seg i brukbarhetslaben på instituttet. Her sit testpersonen i eit lite rom og utfører ei rekke oppgåver med produktet. Undervegs fortel ho om kva ho tykkjer er vanskeleg og kva som går lett. Alt blir teken opp på video. Etterpå går forskarane gjennom opptaka og analyserer testpersonane sine reaksjonar samt kor lang tid som er brukt på å utføre dei ulike oppgåvene. Eit utval personar med ulike bakgrunnskunnskapar, kjønn, alder m.m. kan kjapt avdekkje store problem med bruken av eit produkt, sjølv om produsenten ofte trur at teknologien er ferdig til bruk. Eit eksempel er testing av eit digitalt kamera, der brukarane såg gjennom det dei trudde var vindauget og knipsa, for så å oppdage at vindauget var ein blitz. Hoff og Øritsland har og observert ei 80 år gamal dame gå til fysisk åtak på ein flaskepanteautomat i frustrasjon over moderne og uforståeleg teknologi.

- I staden for å bruke 'forståsegpåarar' hentar me inn brukarane sjølve til testinga, seier Hoff. Og det er ikkje berre ved panteautomaten det er behov for brukarvenleg teknologi. Med store trafikkulykker som Sleipner-forliset og katastrofen på Åsta i minne, forklarer Hoff at produsentane ofte har tenkt seg kva situasjonar som kan oppstå, men at dei sjeldan har testa det på publikum.

- I dag designer ein nytt etter ei ulykke. Men internasjonalt er det avleggs å skilje teknologien frå mennesket. Internasjonalt har ein gått i frå uttrykket "menneskeleg feil".

Dersom ein ser på produktet og mennesket som eitt system, kan ein lettare teste på førehand og forutsjå dei store fellene. Store bedrifter har skjøna at det både er tid og pengar å spare på dette; til dømes har Telenor oppretta ei eiga gruppe til brukbarhetstesting.

Mennesket mot teknologien
Korleis reagerer mennesket i møte med teknologien? Thomas Hoff er utdanna innanfor psykologi, og til doktorgraden sin brukar han teori om kognitiv psykologi for å analysere korleis mennesket oppfattar situasjonar og tek avgjerder. Cockpiten til passasjerfly og kontrollrommet til Statsnett krev båe menneske som kan ta raske og ansvarlege avgjerder. Feltarbeid på desse arbeidsplassane har fått Hoff til å kjenne att ein del felles trekk.

- Automatisering er eit tve-egga sverd; går ting bra, lettar det arbeidet til brukaren. Men om det går dårleg, må brukaren ikkje berre kjempe mot menneskeleg stress, men også mot teknologien. Stygge ulykker kjem ofte som eit resultat av dette. Klassikaren er dei to knappane som ser like ut, men har heilt ulike funksjonar, seier Hoff og stadfester at slikt ikkje berre finst på vitseteikningar. I den verkelege verda finst slike knappar både i fly og i atomreaktorar.

* Kontakt ved NTNU: Thomas Hoff
Tlf.: 73 59 01 20
E-post: thomas.hoff@svt.ntnu.no