menu

menu


menu
menu
menu
menu

Fossekallen er klimavinnaren

Av Noralv Pedersen

Klimaendringane har gitt overraskande følgjer: Mildver fører til fleire fossekallar. Dette vekkjer internasjonal oppsikt.


At verda vert varmare, får dramatiske konsekvensar for dyre- og fuglelivet, også i Noreg. Dei siste tretti åra har middeltemperaturen på Sørlandet stige med 2,5 grader. Dette har ført til mindre is i bekkar og elver, noko som har gjort at fleire fossekallar overlever vinteren. Talet på fossekallar er forventa å auka mykje i åra som kjem.
- Dette er ein oppsiktsvekkjande auke sidan klimaet berre har vorte litt varmare, seier professor Bernt-Erik Sæther ved Zoologisk institutt, NTNU.
Forskinga byggjer på eit unikt systematisk innsamlingsarbeid utført av amatørornitolog Kurt Jerstad dei siste tjuefem åra. Han har arbeidd tett saman med professor Steinar Engen og post.doc.-forskar Jarle Tufto, begge ved Institutt for matematiske fag. Desse har utvikla ein ny modell som reknar ut korleis dei klimatiske svingingane påverkar storleiken på dyre- og fuglebestandar. - Mange trekkfuglar er utsette for dobbelpress på grunn av klimaendringane. Eit stadig tørrare klima på overvintringsplassane ved ekvator gjer at fleire fuglar enn vanleg bukkar under. Når fuglane på grunn av klimaendringane også har fått mykje dårlegare levekår på hekkeplassane i Nord-Amerika, greier dei ikkje å formeire seg i det omfanget som er vanleg. I Europa er situasjonen for trekkfuglar like vanskeleg. Mange av desse artane er også sterkt truga på grunn av eit stadig meir intensivert landbruk som øydelegg hekkeområda deira. NTNU-forskinga har fått stor merksemd internasjonalt. Det siste året har forskarane fått to artiklar på trykk i det prestisjetunge tidsskriftet Science.

Usikker framtid for hjorteviltet

Det er ikkje berre fuglane som er vare for klimaendringane. Fuktige somrar gjer at produktiviteten i hjorteviltbestanden aukar, medan tørre somrar får den motsette effekten.
- Lite sommarregn gjer at kvaliteten på vegetasjonen som elg-, hjorte- og reinskalvane skal leva av, vert dårlegare. Ungdyra veks difor saktare. Skrint beite fører til at kalvane parar seg seinare enn vanleg og at flokken vert mindre, fortel forskaren.

Kontakt ved NTNU: Bernt-Erik Sæther
Tlf.: 73 59 05 84
E-post: Bernt.Erik.Sather@chembio.ntnu.no