|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
Om kvalitetsreformen I juni vedtok Stortinget ei omfattande reform av den høgre utdanninga på bakgrunn av ei stortingsmelding frå regjeringa. For at studentane skal lukkast med studiane, skal lærestadene gi kvar enkelt student tettare oppfølging. Utdanningsinstitusjonane får óg større ansvar for læringsmiljøet til studentane. Det blir innført nye grader: Bachelorgraden på lågare nivå, med normert studietid på tre år og mastergraden på høgre nivå, med normert studietid på to år utover bachelor. www.ntnu.no/studenter/ gir en nærmere oversikt over NTNUs studieprogram. Den nye reforma skal gjennomførast raskast mogleg, og det skal vere gode overgangsordningar for dei som alt er komne i gang med eit studium. Frå hausten 2003 skal alle endringane vere på plass. NTNU står foran ein rekkje utfordringar. Denne websida skal informere om arbeidet med kvalitetsreformen ved NTNU.
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||