Hopp til innhold
Hopp til lokal navigasjon
Hopp til global navigasjon
Hopp til kontakt info
NORGES TEKNISK-NATURVITENSKAPELIGE UNIVERSITET
Søk i NTNUs nettsider
Kunst, medier og kommunikasjon, bachelor - DANSEVITSKAP

Dansevitskap

Folkedansopptreden i Gata på Dragvoll.
Photo: NTNU Info/Erik Prytz Reitan
Dansevitskap vert eit eget bachelorprogram frå studieåret 2008/2009 (deltidsstudium). Meir informasjon kjem i byrjinga av desember.

Basisdelen av bachelorprogrammet i dansevitskap er studiet av dans i vid forstand. Målet med fagstudiet er å læra å analysera og tolka danseframføringar og danseformer, og arbeida med ulike typar dans i etnokoreologisk ramme med til dømes historisk, estetisk og pedagogisk tilnærming. Dette oversynet blir så utvida til å omfatta hovudgenrar innafor vestleg scenedans og med døme frå verdsdans. Du får kunnskap om dans i fortid og notid, både som form og som samfunnsfenomen.

Dans kan analyserast som rørsle og estetisk uttrykk, som tradisjon og musikktolking. I studiet lærer du å lese og skrive dans, å instruere, formidle og dokumentere dans. Kjernen i studiet er eit inngåande oversyn over den norske tradisjonsdansen og han blir sett inn i dei historiske, sosiale og kulturelle samanhengane han var og er del av.

Arbeid med reiskapsfag som danseanalyse, notasjon, feltarbeid og pedagogisk tilnærming står sentralt. Ei innføring i hovudmoment frå faghistorie, teoridanning og tolkingstradisjonar høyrer med.

For å vere kvalifisert søkjer må du kunne dokumentere at du er ein habil utøver av ei eller flere greiner av norsk folkedans eller folkeleg samværsdans.

NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00. Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen