NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet Intranett English
Studier Forskning Aktuelt Om NTNU Søk/Kontakt


Om NTNU
> Fakultet og institutt > Vitskapsmuseet > Seksjon for naturhistorie > Botaniske hagar > Svinviks arboret

NB Denne sida blir ikke oppdatert, vennligst gå til http://www.ntnu.no/svinvik 
Svinviks arboret

meny-ikon Kor ligg Svinviks arboret?
meny-ikon Kva kan du oppleve i Svinviks arboret?
meny-ikon Opningstider og entré
meny-ikon Tilsette ved Svinviks arboret
meny-ikon Årsmeldingar
meny-ikon Bilete frå arboretet
meny-ikon Bok om arboretet


meny-ikon Lenkjer til andre botaniske hagar og andre nyttige botaniske sider
meny-ikon Meir om Surnadal

Svinviks arboret er ein botanisk hage med hovudvekt på tre og busker. Anlegget erdominert av ca. 200 bartreslag og kring 450 artar og kultivarar av rododendron. På eigedommen finst også mange uvanlege og vakre lauvtre og busker og nokre blomsterbed.

Anlegget var i utgangspunktet ein privat hage anlagt av ekteparet Anne og Halvor Svinvik. Arbeidet med arboretet starta i 1943, og var på 1960-talet ein av dei største samlingane av tre og busker som privatpersonar har klart å skape i Noreg. I 1971 donerte ekteparet Svinvik eigedommen med heile plantesamlinga til Vitskapsmuseet i Trondheim som no er ein del av NTNU (Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet).

Staden fungerer som eit minnesmerke over det to privatpersonar med interesse, entusiasme og pågangsmot klarte å skape, og blir dessutan bruka til prøvedyrking av uvanlege planteslag for å sjå korleis dei klarer seg under dei klimatilhøva vi har i denne delen av landet.

Svinviks arboret er ope for publikum i sommarsesongen (frå midt i mai til sist i august), og er ein av dei største turistattraksjonane på indre Nordmøre.
Rik blomstring Oppli juli 06
Rhododendron 'Gjengsto'
Bileta til høgre er tekne først i juli 2006. Da var rododendronblomstringa på hell, men til gjengjeld blomstra andre busker, f.eks. i Oppli (bakken ovafor låvebrua). I Baklia var det stadig ein del blomstrande rododendron.

Øvst: Eit utval av blomsterfloret i Oppli.

I midten: Av rododendron var det mest store, lysblomstra sortar å finne i juli, som den lokale krysningen Rhododendron 'Gjengsto'.

Nedst: Men også den knallraude Rhododendron 'Junifeuer' ("junibrann") er av dei seinare kultivarene.
Rhododendron 'Junifeuer'
Aktuelt

(18.01.07) Prosjekt for vidareutvikling av arboretet
Stiftelsen Nordmøre museum, Surnadal kommune og Vitskapsmuseet har for perioden 01.10.06–30.09.09 inngått ein intensjonsavtale med mål om å vidareføre og vidareutvikle Svinviks arboret som ein regional ressurs. Les meir om prosjektet.

(18.01.07) Program for sesongen 2007
Programtilbodet for 2007 er no i hovudsak klart. Opningsperioden blir 12. mai – 31. august. I tillegg blir det "tjuvstart" utvalde dagar i april og "epledagar" i september. Nytt av året er også at det blir kveldsope på utvalde vår- og føresommarkveldar. Sjå programmet her.

 


Kontaktinformasjon
Postadresse:
Svinviks arboret
6640 Kvanne

Telefon: 71 66 35 80
974 33 709 (mobil prosjektleiar Dordi K. Mogstad)
Telefaks: 71 66 37 66
E-postadresse:
Svinviks.arboret@vm.ntnu.no

 



Redaktør: seksjonsleiar Kaare Aagaard Vevskontakt: Egil.Aune@vm.ntnu.no Sist oppdatert: