Barne- og likestillingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem

Karita Bekkemellem (Ap) tok til som statsråd og sjef for Barne- og familiedepartementet 17.oktober 2005. Barne- og familiedepartementet endret navn fra 01.01.2006 til Barne- og likestillingsdepartementet.

Karita Bekkemellem var barne- og familieminister i Jens Stoltenberg si første regjering frå 2000 til 2001. Ho har hatt ulike politiske verv i kommune og fylke, er leiar for Arbeidarpartiet sitt kvinnepolitiske utvalg på Stortinget og er medlem i gruppestyret for Arbeidarpartiet.

Karita Bekkemellem har i den siste perioden vore i kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen. Ho var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal før ho tok over som barne- og likestillingsminister.


Født: 15.01.1965
Bustad: Vestby
Familie: 2 barn

Politiske verv
2005                Statsråd, Barne- og likestillingsdepartementet, Jens Stoltenberg si andre regjering
2001-2005       Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal
2001-2005       Medlem i gruppestyret for Arbeidarpartiet
2000-2001       Statsråd, Barne- og familiedepartementet, Jens Stoltenberg si første regjering
1998-               Leiar for Arbeidarpartiet sitt kvinnepolitiske utval på Stortinget
1997-2001       Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal
1993-1997       Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal
1989-1993       Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal
1987-1988       Medlem styret for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal
1987-1988       Medlem styret for Arbeidarpartiet i Molde
1987-1988       Leiar for AUF i Møre og Romsdal
1987-1989       Medlem i Molde kommunestyre

Medlemskap i stortingskomitear og delegasjonar
2001-2005       Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
1997-2001       Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
1993-1997       Energi- og miljøkomiteen
1993                Delegat til FNs generalforsamling
1989-1993       Kommunal- og miljøvernkomiteen

Yrkeserfaring
1989-               Kontorfullmektig på Fylkesarbeidskontoret i Møre og Romsdal
1985-1987       Kontorfullmektig på Fylkesarbeidskontoret i Møre og Romsdal
1982-1983       Kontorassistent på Fylkeslandsbrukskontoret i Møre og Romsdal         

Utdanning
1980-1981       Marknadsføringslina ved Granlia videregåande skule