Barne- og likestillingsdepartementet
  Nynorsk    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvisning 
Lignende dokumenter  

Hjelpetiltak i heimen

Hjelpetiltak er eit tilbod barneverntenesta gir når tilhøva i heimen, eller andre tilhøve, gjer at eit barn har behov for særleg støtte og hjelp. Lova inneheld inga uttømmande opprekning av aktuelle hjelpetiltak, men nemner nokre døme, mellom anna støttekontakt, barnehageplass og avlastingstiltak i heimen. Familiestøttande metodar som mellom anna PMT og MST, blir også tilbodne som hjelpetiltak i heimen.

Hjelpetiltak kan som hovudregel berre setjast i verk dersom familien samtykkjer, men opphald i barnehage eller andre dagtilbod kan setjast i verk gjennom pålegg til foreldra. Det same gjeld tilsyn i heimen. Det er berre fylkesnemnda som kan gjere vedtak som pålegg foreldra å ta imot hjelpetiltak.

Ved utgangen av 2004 var det 22 949 born som tok imot hjelpetiltak i heimen. Over 80 % av alle born som barnevernet engasjerer seg i, tek imot frivillige hjelpetiltak i heimen.

Dei frivillige hjelpetiltaka omfattar også frivillig plassering utanfor heimen, jf. § 4‑4 femte ledd.