Singel?
Familieministeren vil gjerne høyre korleis livet ditt er som singel!
Statsråd
Laila Dåvøy inviterer til innspel om livssituasjon og levekår for einslege. Med
einslege meiner vi personar som bur åleine utan barn og utan ektefelle eller
sambuar. Stadig fleire bur åleine – nokre berre i delar av livsløpet, andre
gjer det heile sitt vaksne liv.
Sei
meininga di til statsråden!
Regjeringa ønskjer å få vite meir: Kven er du, kva særlege behov har du,
korleis er kvardagen din? Innspela blir lesne med stor interesse og blir
brukte i Barne- og familiedepartementet sitt arbeid med å lage ein
kunnskapsstatus over situasjonen for single. Kunnskapsstatusen, saman med
vurdering av moglege tiltak, skal vere utgangspunktet for regjeringa sin politikk
for single. Av praktiske årsaker kan vi dessverre ikkje svare på innlegga
enkeltvis. Du kan sende inn e-post fram til 15. januar 2005.
Status:
Departementet har no samla alle innkomne bidrag, og
går no i gang med arbeidet med å lage ein kunnskapsstatus over situasjonen for
single. Kunnskapsstatusen, saman med vurdering av moglege tiltak, skal
vere utgangspunktet for regjeringa sin politikk for single. Statsråd Laila
Dåvøy takkar for alle dei innsendte bidraga.
Meir informasjon
Ensliges Landsforbund
Forbrukerinspektørene/NRK
|