Barne- og likestillingsdepartementet
  Nynorsk    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvisning 
Lignende dokumenter  

Ektefellebidrag

Hovudregelen er at den gjensidige underhaldsplikta fell bort ved separasjon, skilsmisse eller faktisk samlivsbrot mellom ektefellar. I utgangspunktet må kvar ektefelle ta ansvar for sin eigen økonomi etter brotet.

Ein ektefelle kan likevel påleggjast å betale ektefellebidrag dersom den andre ektefellen, som følgje av omsorga for felles born eller fordelinga av felles oppgåver under samlivet, har fått redusert evna og høvet til å forsyte seg sjølv. Også i andre tilfelle, dersom særlege grunnar taler for det, kan det påleggjast bidrag. Ein føresetnad for å påleggje ein ektefelle å betale bidrag er at vedkomande har betalingsevne.

Storleiken på bidraget blir fastsett etter skjønn. Bidraget blir som hovudregel fastsett for ein avgrensa periode på opptil 3 år. Bakgrunnen er at eit bidrag er meint som ei støtte i ein omstillingsperiode. Dersom ekteskapet har vore langvarig, skal bidraget som hovudregel fastsetjast for lengre tid eller utan tidsavgrensing.

Eit bidrag kan fastsetjast ved at partane lagar ein privat avtale om bidraget. Avtalen bør vere skriftleg. Dersom partane ikkje blir samde om bidragsspørsmålet, kan retten fastsetje bidraget. Er begge partar samde om det, kan trygdekontoret fastsetje bidraget.

Det er viktig å vere merksam på at ein kan krevje ektefellebidrag på kva som helst tidspunkt, også først på det tidspunktet då til dømes kvinna når pensjonsalderen. Vilkåret for å få bidrag er etter lova at ervervsevna er redusert på grunn av omsorga for felles born eller fordelinga av felles oppgåver under samlivet, og at den andre ektefellen er i stand til å betale bidrag. Dersom ein slik situasjon først oppstår på eit seinare tidspunkt enn ved samlivsbrotet, til dømes ved tap av eiga inntekt eller ved låg pensjon på grunn av få opptente pensjonspoeng, kan kvinna eller mannen krevje ektefellebidrag på det aktuelle tidspunktet.