Barne- og likestillingsdepartementet
  Nynorsk    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvisning 
Lignende dokumenter  

Finansielle tenester

Finans‑ og forsikringsinstitusjonar tilbyr ei rad produkt og tenester som er viktige og nødvendige i kvardagen vår og for økonomien vår. Å kunne teikne livsforsikring , helseforsikring og forsikring mot tap av formuesverdiar gir handlefridom og økonomisk tryggleik og sikrar forbrukarar mot uventa økonomiske tap. Det er også avgjerande for folk å ha høve til å opprette ein bankkonto og ta opp lån.

Det har vore ei stadig utvikling av forsikrings‑ og finansprodukt, ikkje minst på bakgrunn av den teknologiske utviklinga. Ein stor del av befolkninga har tilgang til informasjons‑ og kommunikasjonsteknologi, og marknaden for nettbankar har auka kraftig i dei siste åra. Samtidig har det skjedd ei omfattande produktutvikling i form av meir samansette produkt. For forbrukaren kan marknaden stundom vere uoversiktleg og krevjande.

Både på finansområdet og på forsikringsområdet har det vore ei målsetjing å styrkje forbrukarvernet gjennom ny lovgiving. Sentrale lover er finansavtalelova, kredittkjøpslova og forsikringsavtalelova. Desse lovene høyrer inn under Justisdepartementet sitt ansvarsområde.

 
Mer informasjon

Forbrukerportalen