Familievern
Familievernkontora gir gratis hjelp og
støtte til alle som opplever problem eller vanskar i familien.
Familievernet gir råd og rettleiing om
samlivsproblem, anten til heile familien, til paret eller til einskildpersonar.
Tenesta legg vekt på førebyggjande verksemd og oppmodar klientar om å søkje
hjelp på eit tidleg stadium for å unngå at konfliktane blir heilt fastlåste.
Det finst familievernkontor i alle fylke.
Du kan sjølv ta direkte kontakt med eit
familievernkontor. Det er ikkje nødvendig med tilvising frå lege eller nokon
annan instans.
Dei fleste som oppsøkjer eit
familievernkontor, ønskjer hjelp til å halde fram i eit parforhold, eller dei
ønskjer hjelp i samband med samlivsbrot og separasjon/skilsmisse. Tenesta yter
også hjelp i generasjonskonfliktar, til dømes i konfliktar mellom foreldre og
born/tenåringar. Eks‑partnarar som opplever vanskar i samarbeidet om
felles born, kan også få hjelp til å betre samarbeidet – til beste for borna.
Familieverntenesta driv også mekling.
Mekling er obligatorisk for alle ektepar med felles born under 16 år før dei
kan søkje om separasjon eller skilsmisse. Formålet med meklinga er at foreldra
skal få hjelp til å kome fram til ein god avtale om foreldreansvar, om kvar
borna skal bu fast, og om samvær. Mekling blir også gitt som eit tilbod til
sambuande foreldre etter eit samlivsbrot. Foreldre som ønskjer å reise sak om
barnefordeling for retten eller fylkesmannen, må først møte til mekling.
Mange familiekontor driv også
førebyggjande arbeid retta mot ålmenta i form av opplysningsverksemd, foredrag,
konsultasjonar osv.
På familiekontoret møter du fagfolk (i
hovudsak psykologar og sosionomar) som har utdanning og erfaring i å arbeide
med problem og konfliktløysing i parforhold og familiar.
Personalet arbeider etter strenge krav
til diskresjon, og alle har teieplikt.
1. januar 2004 overtok staten ansvaret
for familievernet, og Barne‑, ungdoms‑ og familieetaten (Bufetat)
blei oppretta. Familieverntenesta er heimla i lov om familievernkontorer.