Barne- og likestillingsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvising 
Liknande dokument  

Tvangsekteskap

Utover i 1990-åra fekk vi auka kunnskap gjennom media, forsking og skjønnlitteratur om unge jenter og gutar med minoritetsbakgrunn som blei tekne med til heimlandet til foreldra og gifte bort mot sin vilje.

På bakgrunn av ein interpellasjonsdebatt i Stortinget hausten 1997 om tvangsekteskap bad Stortinget regjering dåværande  utarbeide ein eigen handlingsplan mot tvangsekteskap. Barne‑ og familiedepartementet koordinerte arbeidet med handlingsplanen, som var resultatet av eit samarbeid mellom Justisdepartementet, Kyrkje‑, utdannings‑ og forskingsdepartementet, Kommunal‑ og regionaldepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet og Utlendingsdirektoratet.

Handlingsplanen inneheldt 40 tiltak. Siktemålet med tiltaka var å førebyggje at ungdom blir truga med eller utsette for tvangsekteskap, og å gi hjelp og støtte til dei ungdommane som har vore utsette for tvangsekteskap. Det er gitt midlar til utarbeiding av informasjonsmateriell, til arbeid direkte overfor målgruppene og til krisehjelp for ungdom. Informasjonstelefonen mot tvangsekteskap blei oppretta våren 2000. Fleire tiltak er gjennomførte i regi av frivillige organisasjonar. Problematikken rundt tvangsekteskap har også vore utgreidd på nordisk nivå gjennom migrasjonsutvalet under Nordisk ministerråd. Utgreiinga ligg føre i rapportserien frå TemaNord. Forskingsrapporten "Rettslig regulering av tvangsekteskap og bigami" blei lagd fram i 2000.

I 2002 blei programmet "Fornyet innsats mot tvangsekteskap våren 2002 – tiltaksprogram" lagt fram. Dette programmet omfattar 30 tiltak som fleire departement har ansvaret for å følgje opp. Gjennom behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett (2002) blei det løyvt i underkant av 10 mill. kr til arbeid mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap.

Innsatsprogrammet har vidareført fleire tiltak frå handlingsplanen, og ein har lagt vekt på å heve kompetansen på området i offentleg sektor. I tillegg har regjeringa lagt vekt på å få gjennomført fleire lov‑ og regelendringar for å få slutt på tvangsekteskap.