|
Departementet har lagt vekt på at grunnforskinga
skal prioriterast like høgt som den meir kortsiktige, prosjektretta
forskinga. Dette blir gjort for å ta i vare den meir langsiktige
kompetanseoppbygginga innanfor området.
Departementet har difor etablert ei ordning med
treårige doktorgradsstipend ved følgjande utvalde norske institutt
('FD-stipendiatar'). Søkjarane må vere knytte til eit av dei utvalde
forskingsinstitutta, men stipenda lysast ut i åpen konkurranse. Det er
forskingsinstitutta sjølve som vurderar søkjarane og som står som
arbeidsgjevar. Temaet for avhandlinga må liggja innanfor dei kriteria som
departementet legg til grunn for si støtte til tryggings- og forsvarspolitisk
forsking.
* Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI),
* Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)
* Institutt for forsvarsstudiar (IFS)
* Fredsforskingsinstituttet (PRIO)
* Fridtjof Nansens Institutt (FNI)
* Advanced Research on the Europeanisation of the Nation-State
(ARENA), Universitetet i Oslo
Tildeling alternerer mellom desse seks
institusjonane, og det blir tildelt to stipend årleg (FNI og ARENA kom med i
ordninga i 2002 og fekk dei første stipendiatane i perioden 2004-2006).
Doktorgradsstipenda er no fastsett til 500 000 kroner i året.
Postdoktorstipendet er, i motsetning til
doktorgradstipenda, basert på fri konkurranse mellom forskarar som er knytt
til de seks institutta. FD vurderar søkjarane sjølv, men stønaden
administrerast av instituttet som står som arbeidsgjevar. Dette stipendet er
òg treårig, og det er på 600 000 kroner i året.
I
perioden 1999-2004 vart følgjande personar tildelt doktorgradsstipend:
|
Namn
|
Tittel på avhandlinga
|
Institutt
|
År
|
|
Nina Græger
|
From a national to an international Norwegian defence: The use of
military power as security policy instrument.
|
NUPI
|
1999 – 2001
|
|
Katja Skjølberg
|
En kvantitativ tilnærming til studiet av terrorisme
|
FFI
|
1999 – 2001
|
|
Pinar Tank
|
Turkey's military elite at a crossroad: Paths to desecuritisation?
|
PRIO
|
2000 – 2002
|
|
Torunn Laugen
|
Internasjonal krisehåndtering på Balkan
|
IFS
|
2000 – 2002
|
|
Andreas Selliaas
|
Nationalism after imperial break-up
|
NUPI
|
2001 – 2003
|
|
Tor Bukkvoll
|
The foreign policies of privatised States – The cases of Russia and
Ukraine.
|
FFI
|
2001 – 2003
|
|
Tormod Heier
|
USAs påvirkning av norsk politikk på 90-tallet
|
IFS
|
2002-2004
|
|
Helene Christiansen Ingierd
|
Being a Moral Decision-Maker in War
|
PRIO
|
2002-2004
|
|
Thomas Hegghammer
|
Al-Qaidas ideologi
|
FFI
|
2003-2005
|
|
Kari M. Osland
|
Nye kriger? Regimeendring, legitimitet og sikkerhetssektorreform
|
NUPI
|
2003-2005
|
|
Marianne Riddervold
|
Legitimacy and the Question of European Foreign and Security Policy
|
ARENA
|
2004-2006
|
|
Lars Rowe
|
Petsjenganikel-kombinatet: Fra finsk-kanadisk industrieventyr til
norsk-russisk miljøproblem
|
FNI
|
2004-2006
|
Postdoktorstipendet
Rolf Hobson ved Institutt for forsvarsstudiar (IFS)
blei tildelt postdoktorstipendet i perioden 1999-2001. For perioden 2002-2004
vart stipendet tildelt Sven Gunnar Simonsen, PRIO, med temaet Military
Intervention and Post-Conflict Nation-Building. Stipendet blei utlyst for
tredje gong hausten 2004.
Støtte til einskildprosjekt
I tillegg til grunnforsking gjennom doktor- og
postdoktorstipend, støttar Forsvarsdepartementet einskildprosjekt innanfor
tryggings- og forsvarspolitisk forsking. Tildeling av prosjektstøtte er spesifisert
gjennom to sett av kriteria. Støtte til einskildprosjekt kan bli gjeve for
prosjekt som strekk seg over eitt til to år.
Generelle tildelingskriteriar
- Relevans for norsk tryggings- og
forsvarspolitikk, ved å kunne gje økt kunnskap og innsikt i de tryggingspolitiske
utfordringar og problemstillingar som vårt land står overfor i dag og i åra
som kjem.
- Relevans for vår kunnskap om
Noregs internasjonale rammevilkår, og korleis desse påverkar Noregs
internasjonale stilling og tryggleik.
- Relevans for kompetanseoppbygging
og styrking av det norske fagmiljøet når det gjeld Russland/SUS, Europa
(inkl. EU) og USA.
- Relevans for auka kunnskap og
innsikt om mogelege endringar i tryggingsomgrepet og konsekvensane for
Forsvaret.
- Relevans for vår kunnskap om
bakgrunnsfaktorar, dynamikk og skiljelinjer i norsk politikk på det
tryggings- og forsvarspolitiske området.
- Relevans for det tryggings- og
forsvarspolitiske ordskiftet i Noreg.
Relevans for doktrine- og kunnskapsutviklinga i
Forsvaret.
Spesifikke
prioriteringar for 2005
- Tryggingspolitikkens
gråsoner: Samfunnstryggleik, ansvarsdeling og sivilt - militært samarbeid.
- Militærmaktas
stilling og rolle i det internasjonale samfunns fredsarbeid.
- Folkerettslige
aspektar ved bruk av militærmakt etter NATOs intervensjon i Kosovo.
- Tryggingsreform i nye demokrati/svake statar,
inkludert rolla for vidare samfunnsutvikling (politisk, økonomisk, osv.).
- Utviklinga i NATO-samarbeidet sia ’9/11’ og
konsekvensar for Noreg.
- Den vidare utvikling av ESDP og konsekvensar for
Noreg.
- Utviklinga av USAs tryggings- og forsvarspolitikk.
- Utviklinga relatert til internasjonal terrorisme.
- Militær transformasjon – muligheiter og
konsekvensar for det norske forsvaret.
- Norsk forsvarspolitikk og Forsvarets geografiske
tyngdepunkt: tryggingspolitiske kontra distriktspolitiske omsyn.
På grunnlag av innkomne søknader tildeler
departementet si årlege prosjektstøtte. Søknadsfristen for tildeling i 2005
er 31. desember 2004.
|