Kunnskapsdepartementet
gir kvart år ut mange ulike typar publikasjonar, frå stortingsdokument,
rapportar, handlingsplanar til brosjyrar .
Stortingsdokumenta
deler seg på Stortingsmeldingar
(meldingar om langsiktige tiltak som regjeringa ønskjer å setje i verk), Stortingsproposisjonar
(konkrete forslag til vedtak frå Regjeringa) og Odelstingsproposisjonar
(lovvedtak).
Dei
fleste utgreiingar som er avgitt sidan 1995 finst under NOUar (Noregs offentlege
utgreiingar). Utgreiingar som ikkje er ein NOU er
plassert under Andre utgreiingar.
Kategorien
Rapportar listar opp rapportar, innstillingar,
analysar og kartleggingar levert til departementet. Eldre rapportar vil liggje
under kategorien Anna på det aktuelle
årstalet i arkivet. Rapportane er gjerne utarbeidd av ei arbeidsgruppe eller
eit eksternt forskingsmiljø.
Dei
utgreiingane/rapportane som er sendt ut på høyring vil også liggje under
kategorien høyringsnotat.
Andre
kategoriar under publikasjonar er Handlingsplanar,
Rettleiingar og brosjyrar,
Periodika og Statsbudsjettet. Under
periodika finst tidsskrift frå Kunnskapsdepartementet. Barnehageinteresserte
kan tinga abonnement på Nyheitsbrev om
barnehage.
I
arkivet finner du tidlegare nyheitsbrev, som @ktuelt
, Aktuelt, KUFAktuelt og KUF- Info.
Offentlege institusjonar bestiller enklast publikasjonar frå Departementenes publikasjonsregister.
Andre må bestille offentlege publikasjonar frå Akademika, tlf. grønt nummer 800
80 960.