Kunnskapsdepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Normalvising 
Liknande dokument  

Vaksenopplæring

Livslang læring og høve til å ta utdanning i vaksen alder er viktige prinsipp i norsk utdanningspolitikk. Målet er å leggje til rette for at den vaksne delen av befolkninga kan styrkje kompetansen sin. Oppdatert og ny kunnskap er nødvendig for å betre konkurranseevna og auke fleksibiliteten i eit arbeidsliv i omstilling. Ny kompetanse kan gi den enkelte større valfridom og høve til å realisere eigne ønske og behov.

Ei hovudutfordring i åra framover er arbeidet med å føre vidare kompetansereforma. Reforma skal vere med på å dekkje det behovet samfunnet, arbeidslivet og den enkelte har for ny eller endra kompetanse. Kompetansereforma omfattar alle vaksne og byggjer på samhandling mellom mange aktørar.

Stortinget har vedteke at vaksne skal ha lovfest rett til grunnskule og vidaregåande opplæring, og at opplæringa skal tilpassast til det behovet den enkelte måtte ha. Retten til vidaregåande opplæring blei innført frå hausten 2000, mens retten til grunnskuleopplæring trådde i kraft frå august 2002.

I dei seinare åra er det satsa sterkt på å gi svake grupper betre høve til opplæring gjennom vaksenopplæring. Spesielt gjeld det vaksne med særleg svak skulebakgrunn, ulike grupper av funksjonshemma, vaksne med lese- og skrivevanskar og vaksne innvandrarar.

I 2001 var det ca. 700 000 deltakarar i vaksenopplæring gjennomført i det offentlege utdanningssystemet, i studieforbund, folkehøgskular, fjernundervisningsinstitusjonar og andre private institusjonar. I tillegg kjem etter- og vidareutdanning gjennomført i arbeidslivet.

Kommunane har ansvar for grunnskuleopplæring for vaksne og for norskopplæring med samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande opplæring for vaksne. Også studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar gir tilbod på desse nivåa.

Utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang eit prosjekt med namnet Kompetanseberetningen for Noreg. Kompetanseberetningen vil prøve å gi ei samlande framstilling av kompetanse som driv for innovasjon, verdiskaping, livskvalitet, velstand og velferd i Noreg

Vaksenopplæringstilbod

Studieforbund

Folkehøgskolar

Fjernundervisning

Arbeidsmarknadskurs


Sist endra 07.04.03