Pressemelding
Nr.: 192/06
Dato: 19.12.2006
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, 913 46 557
Vil ha viktige idrettshendingar på gratis fjernsyn
Kultur- og
kyrkjeminister Trond Giske sender i dag ut på høyring eit forslag om å
fastsetje ei liste over viktige fjernsynsoverføringar som bør tilbyast i gratis
fjernsyn.
Fjernsynsrettane
til ei rekkje idrettsarrangement blir stadig meir attraktive, og saman med nye
former for betalingsfjernsyn kan det føre til at allmennkringkastarane taper i
konkurransen om rettane til å sende fjernsyn frå viktige hendingar. Det er
ikkje lenger så lett som før for allmennkanalane å nå fram i bodrundar.
Resultatet kan bli at sendingar frå store idrettsstemne berre blir tilbodne av
betalings- og tingingskanalar.
- Dei
store idrettshendingane må vere for alle, ikkje berre for dei få. Difor må det
sterkare tiltak til for å sikre folk flest tilgang til opplevingane, seier
Giske.
Målet
med listeføring er fyrst og fremst å leggje til rette for at nokre viktige
hendingar framleis kan bli viste på vederlagsfritt fjernsyn. I praksis vil
fastsetjinga av ein liste i kringkastingsforskrifta innebere at rettshavarar
blir pålagde å tilby sendingsrettane sine til kringkastarar som sender gratis
til minst 90 prosent av befolkninga. Kringkastarane må betale marknadspris for
sendingsrettane. Allmennkringkastarane har likevel ikkje ei plikt etter denne
ordninga til å kjøpe og sende listeførte hendingar.
Kultur-
og kyrkjedepartementet har laga ei liste over arrangement som kan vere
aktuelle for ei slik ordning og ber om høyringsinstansane sitt syn på denne.
Lista følgjer nedanfor.
·
OL, sommar- og
vinterleikane, heile arrangementet
·
VM og EM i fotball
for menn og kvinner, semifinalar, bronsefinale og finale, dessutan alle kampar
med norsk deltaking, medrekna kvalifiseringskampar.
·
VM og EM i handball
for menn og kvinner, semifinalar, bronsefinale og finale, dessutan alle kampar
med norsk deltaking, medrekna kvalifiseringskampar.
·
Cupfinalen i fotball
for menn og kvinner
·
VM på ski, nordiske
greiner, menn og kvinner
·
VM i alpint
·
Holmenkollen Ski
Festival
·
VM i skiskyting,
menn og kvinner
·
VM på skøytar, menn
og kvinner
Høyringssaka finn du her