Nr.: 195/2006
Dato: 29.12.2007
Ekstra tilskot til Music Export Norway
Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstratilskot til Music
Export Norway på 923 000 kroner for å styrkje arbeidet med eksport av
norsk musikk.
- Sjølv om kultursatsing i utlandet i utgangspunktet ikkje høyrer
til ansvarsområdet til Kultur- og kyrkjedepartementet, er dette eit område eg
er opptatt av. Eg er nøgd med å kunne gi eit bidrag til dette viktige arbeidet,
seier kultur- og kyrkjeminister Trond
Giske.
- Det er stor interesse for norske musikarar og norsk musikk i
utlandet. Music Export Norway gjer eit viktig arbeid med å leggje til rette for
eksport av norske musikkprodukt.