Nr.: 196/2006
Dato: 29.12
1,5 millionar i ekstra tilskot til Henrik
Wergeland-jubileet
Kultur- og
kyrkjedepartementet gir eit ekstraordinært tilskot på kr 1 500 000 til Eidsvoll 1814. Tilskotet skal gå til
førebuing av 200-årsjubileet for Henrik
Wergelands fødsel i 2008.
Førebuingane skal skje i et samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket,
Riksarkivet, Eidsvoll 1814 og Wergeland-selskapet.
- Wergeland var ein nyskapande diktar og lyrikar i verdsformat og
ein samfunnsengasjert talsmann for toleranse, fridom og menneskeverd. 200-årsjubileet
i 2008 gir oss høve til å gjenoppdage Wergeland. Difor er det viktig at
kulturinstitusjonane kjem i gang med planlegginga av Wergeland-jubileet så
snart som mogleg, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.