Nr.: 197/06
Dato: 29.12
Ekstra tilskot til Stiftinga ROM for kunst
og arkitektur
Kultur- og kyrkjedepartementet gir eit ekstra tilskot på 100 000
kroner til Stiftinga ROM for kunst og arkitektur. Tilskotet skal bidra til styrking
av workshop- og prosjektverksemda, spesielt til eit prosjekt som vil drøfte
Osloregionens framtid.
- ROM representerer noko nytt på feltet ved at stiftinga utforskar
samspelet mellom kunst og arkitektur gjennom formidling i utstillingar. Ein
relativt liten auke i tilskotet vil gi god utteljing, seier kultur- og
kyrkjeminister Trond Giske.