Nr.: 199/06
Dato: 29.12
1,5 millionar kroner i ekstratilskot til
Norsk filmfond
Kultur- og kyrkjedepartementet har gitt eit ekstraordinært tilskot
på 1,5 millionar kroner til Norsk filmfond.
- Eit viktig mål i Kulturløftet er å støtte opp om den norske
filmsuksessen, seier kulturminister Trond Giske.
- Ekstratilskotet på 1,5 millionar kroner er ei stadfesting av det
gode arbeidet som Norsk filmfond og den norske filmbransjen har gjort dei siste
åra. Ekstratilskotet kjem i tillegg til aukinga i løyvingane til norsk film i
statsbudsjettet for 2006 og 2007. Vi er på god veg til å nå målet om at det
skal produserast 20 langfilmar kvart år og at minst 25 prosent av kinobesøket
skal vere på norske filmar, seier kulturministeren.