|
PressemeldingNr.:
67/06 Linda Eide får Kulturdepartementets pris for nynorskjournalistarNRK-medarbeidaren Linda Eide har fått Kultur- og kyrkjedepartementets pris for nynorskjournalistar. Prisen vart delt ut første gongen under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag. I talen sa juryformann Gry Beate Molvær mellom anna at prisvinnaren er mest ein eigen sjanger i norske medium. Linda Eide er tydeleg stolt av nynorsken sin, og ho har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i media. Dessutan er Linda Eide ein fryd og høyre på. Prisen er på 50 000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim. I juryen har også sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen vore med. Nynorsk mediesenter ved Magni Øvrebotten har vore sekretariat. Meir
informasjon finst hos Nynorsk mediesenter, http://www.nynorskmediesenter.no
|