Miljøverndepartementet
Miljøverndepartementet
Bokmål    Sámegiella    Lytt til teksten     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Regional planlegging

Fylkesplanlegging er eit samla system for offentleg planlegging i fylka, under folkevalt styring og kontroll. Planane blir vedtekne i fylkestinget og godkjende i regjeringa. Godkjend fylkesplan skal m. a. vere meir styrande for statleg verksemd i fylka og ha større vekt ved behandling av motseiingar til kommunale planvedtak.

Samarbeidet mellom fylkeskommunane og staten skjer først og fremst gjennom dei statlege etatane på fylkesnivå. Fagdepartementa vil klargjere handlingsrom og ressursrammer for den enkelte statsetat innanfor vedkomande sektor. Fylkesmannen hjelper fylkeskommunen med å organisere deltakinga frå statsetatane, og medverkar også til at etatane deltek som føresett i planarbeidet og gjennomføringa av godkjend plan.

Fylkesplanlegginga skal spegle dei faktiske interesser og behov hos befolkninga og brukarane. Dette krev auka medverknad både frå næringslivet og andre brukarinteresser. Mellom anna i arbeidet med næringsutvikling må brukarperspektivet og deltaking frå næringslivet si side utviklast vidare, slik at den offentlege ressursbruken og tenestene medverkar til å stimulere verdiskaping og eit konkurransedyktig næringsliv.

Dialog og forhandlingar er den sentrale arbeidsforma i planarbeidet. Det blir lagt vekt på å oppnå semje regionalt. I den sentrale godkjenningsbehandlinga skal regjeringa ta stilling til dei regionale heilskapsløysingane og avklare eventuelle spørsmål som det er ulike syn på i fylket.

Strategi og verkemiddel frå departementet si side:

Ved å styrkje fylkesplanlegginga ønskjer regjeringa at fylkeskommunane tek eit større ansvar for den regionale utviklinga - i samarbeid med kommunane, andre offentlege organ, næringslivet og private organisasjonar i fylket.

Regjeringa tek også sikte på å vidareutvikle og styrkje koplinga mellom godkjent fylkesplan og samla bruk av økonomiske verkemiddel i det regionale utviklingsarbeidet. Ein føresetnad for dette er at medverknaden frå næringsliv og andre brukarinteresser blir styrkt.

Aktuelle publikasjonar:

Regelverk (lover, forskrifter og retningslinjer):

Internasjonale avtaler:

  • Plansamarbeid i Østersjøregionen, VASAB
    Plansamarbeid i Nordsjøregionen, INTERREG
  • Europarådets samarbeid om regional planlegging, CEMAT
  • Nordisk embetsmannskomite for regionalpolitikk og planlegging, NÄRP

Fakta og data:

Ansvarleg avdeling i Miljøverndepartementet:

Avdeling for regional planlegging, areal- og kartpolitikk.
Fungerende ekspedisjonssjef Tom Hoel, tlf: 22 24 59 00