Godkjenning av fylkesdelplan for idrett,
fysisk aktivitet og friluftsliv 2002-2005 i Hordaland
Miljøverndepartementet
har motteke fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i
Hordaland for sentral godkjenning. Departementet har handsama planen i samråd
med Helsedepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
Vedtak:
Med
dei merknadene som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartmentet i
medhald av § 19‑4 i plan- og bygningsloven og kongelig resolusjon av
16. mars 1990, fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i
Hordaland, vedteken i fylkestinget den 16. oktober 2002.
Merknader frå departementa
Departementa
viser til at fylkesdelplanen blei utarbeidd i førekant av at den nye
folkehelsemeldinga – St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere
Norge – folkehelsepolitikken som blei lagt fram våren 2003. Meldinga
omhandlar sentrale nye strategiar i folkehelsearbeidet som dei neste ti åra.
Målsettinga er eit sunnare Noreg gjennom ein politikk som fremjar fleire leveår
i befolkningen, og reduserer helseskilnader mellom sosiale lag, etniske grupper
og kjønn. Fysisk aktivitet er som Hordaland sin fylkesdelplan riktig påpeiker,
eit avgjerande verkemiddel i denne samanhengen.
Når
det gjeld kap. 1.6 Rolla til fylkeskommunen, kap. 2.5 Regional
utvikling og kap. 6 Fysisk aktivitet – Regional utvikling, kan det vere
ein fordel med omtale av partnarskapsmodellen. Folkehelsemeldinga framhevar
partnarskapsmodellen som strategi for folkehelsearbeidet. Folkehelsearbeidet
handlar ikkje minst om korleis ein kan utvikle gode og inkluderande
lokalsamfunn, mellom anna korleis ein kan fremje fysisk aktivitet i dagleglivet.
Partnarskap tek utgangspunkt i likeverdigskap, klare avtalar, gjensidige
forventingar og pliktar der fylkeskommunen er meint å ta ivare oppgåver av
interkommunal karakter. Partnarskap med regionale nettverk inneber følgjande
pliktar frå staten.
- Stimuleringsmidlar vil bli stilte til rådigheit som eit
motsvar til lokale ressursinnsatsar.
- Lokale midlar knytte til tematiske, nasjonale satsingar blir
formidla gjennom det regionale partnarskapet.
- Regionalt folkehelsearbeid blir tilgodesett når det gjeld
fagleg støtte og rådgjeving frå sentrale fagmiljø som Sosial- og
helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt.
Departementa
gjer merksam på at det i ovennemnde melding (side 35) er utarbeida fleire
konkrete tiltak som kan heve aktivitetsnivået i skulen, jfr. kap. 3.13
Strategiar, punkt 1. Tiltaka er mellom anna retta inn mot heving av
aktivitetsnivået i skulen, evaluering av kvaliteten i kroppsøving, samt å
frigjere skuleanlegg for aktivitet etter skuletid. Desse tiltaka kan òg vere
viktige under tiltak 2, side 27, og under kap. 4.4, 4.5 og 4.6
der målgruppa er barn og ungdom.
Avslutning
Miljøverndepartementet
vil streke under § 19-6 i plan- og bygningsloven, der det står at
fylkesplanen, her òg fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal
verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket.
Plan- og bygningsloven føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene
i godkjend fylkesplan, skal ta opp dette med fylkeskommunale planstyresmakter.
Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal
saka takast opp med dei sentrale planstyresmaktene.
Med helsing
Børge Brende
Kopi:
Kommunane i Hordaland
Fylkesmannen i Hordaland
Direktoratet for naturforvaltning
Helsedepartementet
Kultur- og kyrkjedepartementet