Godkjenning av fylkesdelplan for museum i Hordaland
Vi
viser til brev frå Hordaland fylkeskommune, datert 20. januar 2005, der
fylkesdelplanen for museum i Hordaland vart oversendt for sentral godkjenning.
Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Kultur- og
kyrkjedepartementet.
Miljøverndepartementet godkjenner i
medhald av § 19‑4 i plan- og bygningslova og Kongeleg resolusjon av
16. mars 1990, fylkesdelplan for museum i Hordaland, vedteken av
Fylkestinget i Hordaland 11. juni 2003.
Departementet
vil peike på at fylkes(del)planar bør sendast til sentralt hold kort tid etter
vedtak i fylkestinget, for å sikre ei god oppfølging av planane. Det har ikkje
vore praksis for at fylkesdelplanar for museum har vore til formell godkjenning
på statleg nivå tidlegare.
Vi
gjer merksam på at godkjenninga ikkje inneber nokre bindingar av statlege
ressursar til gjennomføring av strategiar og tiltak i planen.
Med hilsen
Tom Hoel (e.f.)
ekspedisjonssjef
Ole A. Hagen
rådgiver