|
KommuneplanleggingEtter plan- og bygningslova er det i første rekkje kommunen som gjennom planlegginga formar det fysiske miljøet og sikrar kvalitet og høve til bygging og vern ut frå eigenart og lokale føresetnader. Kvar enkelt kommune har ansvaret for å leggje tilhøva til rette for den konkrete planlegginga (kommuneplan, reguleringsplan og busetnadsplan) etter lova. Kommunane må i si planlegging følgje dei retningslinjene og måla som statlege organ og fylkeskommunen fører inn i planprosessen. Det er opp til desse organa å sikre at viktige nasjonale og regionale omsyn til ei kvar tid kjem med i planvurderingane og blir ivaretekne. Ei effektiv planlegging føreset tidleg kontakt og eit godt samspel frå kommunen si side både med private lokale interesser og med statlege og fylkeskommunale organ under utarbeiding av planane. Det er særleg viktig å stimulere til medverknad frå dei som vil bli påverka og til offentleg debatt om planane før dei blir endeleg vedtekne. Kommunane kan sjølve godkjenne planane dersom det ikkje ligg føre motseiingar frå statlege fagstyresmakter, fylkeskommune eller nabokommune. Strategi og verkemiddel frå departementet si side: Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for å utarbeide nasjonale mål og retningslinjer for arealplanlegginga i Noreg. Planar som blir utarbeidde i strid med desse måla og retningslinjene skal avgjerast av Miljøverndepartementet. Miljøverndepartementet kan i visse tilfelle sjølv utarbeide arealdel til kommuneplan og reguleringsplan. Aktuelle publikasjonar:
Regelverk (lover, forskrifter og retningslinjer):
Fakta og data:Oversikt over kommuneplanens arealdel. Aktuelle nettstader:
Ansvarleg avdeling i Miljøverndepartementet:Avdeling for regional planlegging, areal- og kartpolitikk. |