Odinarkiv
Odinarkiv
Bokmål     Sámegiella     Utskriftsvising  
Liknande dokument  

Slik bruker du søkjefunksjonen

Enkelt søk
Avansert søk


Enkelt søk

Dette er det enklaste, men også det minst presise søket. Skriv søkjeuttrykket i søkjefeltet, og klikk på knappen Søk.

Open ending

Vi tilrår bruk av trunkering/open ending. Det vil seie at ein skriv byrjinga av eit ord og deretter set eit trunkeringsteikn. I Odin er dette teiknet ei stjerne (*).

Eksempel: Søket statsminister* vil gi treff på både statsminister, statsministeren og statsministeren sin.

Kombinasjon av søkjetermar

Dersom ein skriv fleire søkjeord i søkjefeltet, må alle søkjeorda finnast i eit dokument for at ein skal få treff.

Dette kan overstyrast ved å setje parentes rundt søkjeorda. Ved å nytte parentes spesifiserer ein at berre eit eller fleire av søkjeorda må finnast for å gi treff.

Ein har høve til å snevre inn søket ved å nytte spesialteikn som + og -

Eksempel:

+bondevik -stoltenberg gir treff på dokument som inneheld informasjon om Bondevik, men ikkje Stoltenberg.

+statsminister (Jagland Bondevik Stoltenberg) vil berre gi treff på dokument som inneheld eit eller fleire av orda Jagland, Bondevik eller Stoltenberg, og som samtidig inneheld ordet statsminister.

Frasesøk: Dette søket blir gjort når ein ønskjer å søkje på eit uttrykk, eller fleire ord i rekkjefølgje ved å setje teiknet " rundt det ønskte uttrykket, for eksempel "statsministerens kontor".

Sortering av trefflista

Trefflista kan sorterast på to forskjellige måtar; ut frå relevans (som alltid er utgangspunktet) eller på dato.

Liknande dokument

Ved vising av kvart enkelt dokument blir det gitt høve til å finne liknande dokument.

Utvide søk til liknande dokument: Utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valde dokumentet slik at det nye søket vil inkludere nye, og dermed fleire resultat i resultatlista.

Avgrense søk til liknande dokument: Utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valde dokumentet slik at det nye søket vil bli avgrensa til berre dei dokumenta som liknar på dette dokumentet, og dermed gi færre søkjeresultat.

Avansert søk

Avansert søk gir høve til å velje mellom følgjande ordfilter:

Alle orda: Alle søkjeorda må finnast i dokumentet.

Nokre av orda: Eitt eller fleire av søkjeorda må finnast i dokumentet.

Eksakt frase: Søkjeorda må finnast i si heilheit og i nøyaktig same rekkjefølgje som i dokumentet.

Boolsk uttrykk: Brukaren står her fritt til å utforme sitt eige søkjeuttrykk ved hjelp av boolske operatorar. Operatorer som er støtta er AND, OR, ANDNOT og RANK. Rettleiing

Avgrensing av søket

  1. Det er høve til å avgrense søket til dokument utgitt av eit bestemt departement (utgivar). Merk:Nedlagte departement er lista opp under den stipla linja.
  2. Det er høve for å avgrense søket ved å velje ein spesifikk dokumenttype.
  3. Det er høve for å tidsavgrense søket. Ein kan velje å søkje etter dokument med ein bestemt startdato, før ein bestemt sluttdato, eller i ein periode med både ein start- og ein sluttutgivingsdato.

Eksempel: Dersom ein skriv 20000101 i det fyrste datofeltet, og 20000401 i det andre blir det søkt etter dokument som er utgitt i perioden 01. januar 2000 - 01. april 2000.

Sortering av trefflista

Trefflista kan sorterast på to forskjellige måtar; ut frå relevans (som alltid er utgangspunktet) eller på dato.

Liknande dokument

Ved vising av kvart enkelt dokument blir det gitt høve til å finne liknande dokument.

Utvide søk til liknande dokument: Utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valde dokumentet slik at det nye søket vil inkludere nye, og dermed fleire resultat i resultatlista.

Avgrense søk til liknande dokument: Utfører det siste søket på nytt, men legg ved informasjon om det valde dokumentet slik at det nye søket vil bli avgrensa til berre dei dokumenta som liknar på dette dokumentet, og dermed gi færre søkjeresultat.




 

AND
F.eks. Norge AND Konge

 
 

Denne operatoren uttrykkjer at alle søkjeorda må finnast for å gi treff.

 

OR
F.eks. Statsminister OR Konge

 
 

Denne operatoren uttrykkjer at eitt eller fleire av søkjeorda må finnast for å gi treff.

 

ANDNOT
F.eks. Norge AND Konge ANDNOT Sverige AND Danmark

 
 

Denne operatoren uttrykkjer at dersom enkelte søkjeord finst i dokumentet, skal desse ikkje inkluderast i søkjeresultatet. Merk: Dette gjeld for alle uttrykk som kjem etter ANDNOT, trass i bruk av andre boolske operatorer her.

Eksemplet uttrykker Norge og Konge men verken Sverige eller Danmark.

 
 

RANK
F.eks. Norge RANK Konge

Denne operatoren uttrykkjer det same som OR-operatoren, men gir i tillegg verdi for presisjon og relevans i eit søk.

I dette eksempelet blir det søkt etter dokument som inneheld ordet Norge eller Konge. Dei dokumenta som inneheld søkjeordet Konge, vil bli høgare rangert og komme lenger opp på trefflista.