Noreg innfører sanksjonar mot Nord-Korea
Regjeringa
vedtok 15. desember ei føresegn om sanksjonar mot Nord-Korea. Føresegna
inneheld blant anna forbod mot eksport av våpen og luksusvarer til Nord-Korea,
og påbod om frysing av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som
er tilknytt Nord-Korea sitt program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen.
Sanksjonane har sin bakgrunn i at
Nord-Korea 9. oktober 2006 erklærte at landet hadde gjennomført si fyrste
atomprøvesprenging, etter at landet tidlegare hadde trekt seg frå
ikkje-spreiingsavtala. Noreg har fordømt prøvesprenginga. Prøvesprenginga
utgjer eit brot på fleire av Tryggingsrådet sine resolusjonar, og representerar
eit hot mot internasjonal fred og tryggleik.
Føresegna er vedteken med heimel i lov av
7. juni 1968 nr. 4 til gjennomføring av bindande vedtak av Tryggingsrådet i Dei
sameinte nasjonane, og vert innført som følgje av ein resolusjon frå
Tryggingsrådet av 14. oktober 2006. Resolusjonen er bindande for alle
medlemsstatane i FN.
Føresegna inneheld:
- Forbod
mot eksport og import av våpen og tilknytt materiell, og utveksling av tenester
i form av trening eller bistand knytt til slikt materiell med Nord-Korea.
- Forbod
mot eksport av luksusvarer.
- Påbod
om frysing av formuesgode som høyrer til personar eller einingar som er
tilknytt Nord-Korea sitt program for utvikling av masseøydeleggingsvåpen. Det
gjeld likeins eit forbod mot å stille formuesgode til rådvelde for desse
personane.
Brot på føresegna kan føre med seg straff
og inndraging.
Føresegna
tek til å gjelde straks, med unntak av forbodet mot eksport av luksusvarer som
gjeld frå den tid Utanriksdepartementet avgjer. Føresegna vil om kort tid bli
tilgjengeleg på www.lovdata.no.