Pensjonstrygda for sjømenn ble skipa
ved lov av 3.12.1948 og er
ei eiga lovbestemt offentleg tenestepensjonsordning som er
tilpassa folketrygda. Ordninga har som hovudføremål å yta
sjømannspensjon (alderspensjon) mellom 60 og 67
år til den som har tent opp minst 150
pensjonsgjevande fartsmånader.
Pensjonstrygda vert finansiert ved avgifter frå
sjømenn og reiarlag. Trygda er garantert av staten og høyrer
administrativt under Sosialdepartementet. Pensjonstrygda vert
leia av eit styre med medlemmar frå organisasjonane til sjøfolk
og reiarlag. Administrasjonen, som ligg i Oslo,
har som hovudoppgåve å kreve inn pensjonsavgifter og å sørge
for at sjømannspensjonene vert utbetalt til alle dei som har
krav på dei til
rett tid.
Vi vonar at du finn dei opplysningane du
trengjer på heimesidene våre. Er det noko du saknar, eller
har du forslag til forbetringar av heimesidene, ser vi gjerne
at du tek kontakt med oss.
Fleire opplysningar om sjømannspensjon kan du få
på kontoret vårt i Københavngata 10 i Oslo
på telefon 22 35 89 00
ved å skriva brev til oss med adresse Postboks 8143 Dep, N-0033 OSLO
ved å senda oss ein faks på nr. 22 35 89 99
ved å senda oss e-post til post@pts.no
under "Hva blir pensjonen" finn du òg ein kalkulator som kan rekna ut sjømannspensjonen eller tilbakebetalingssummen du eventuelt har rett til.
Redaktør:
Kontorsjef Aasta Richter Eriksen
Webansvarlig:
Rådgjevar Iren D. Tveitan
Frå 1.5.2007 - auka pensjons- og avgiftssatsar
Sist oppdatert: 14.10.2007
Det gjeld fylgjande nye dagsatsar for arbeidstakaravgift av sjukepengar m.v. frå 1.5.2007:
Overordna (gruppe 1) kr 36,08
Underordna (gruppe 2) kr 28,061
Desse nye satsane skal nyttast frå og med fyrste aktuelle avgiftstermin. Avgift som blir trekt i
kvar einskild termin, skal avrundast til næraste heile krone.
Klikk nedenfor for informasjon om
tilsette om bord som skal følgja skipet i fart, medrekna arbeidstakarar som ikkje har noko med sjølve drifta av skipet å gjera, til dømes lugar- og restaurasjonspersonale; dette gjeld utan omsyn til om dei er tilsette av reiarlaget eller av ein annan arbeidsgjevar, til dømes ein sjølvstendig restauratør
reiar og partreiar i full stilling om bord når ein arbeidstakar i ei slik stilling ville ha kome inn under trygda
restauratør
om bord som driv verksemd for eiga
rekning.
arbeidstakarar som på grunn av stillinga om bord er medlemer av Statens pensjonskasse eller av ei kommunal eller fylkeskommunal pensjonskasse
frå 1.1.1994 personar som er tilsette i hotell- og restaurant- verksemd på turistskip som er registrerte i NIS
fiskarar
visse grupper av arbeidstakarar som ikkje høyrer til mannskapet og der det er gjort særskilt vedtak om unntak; dette gjeld såleis for croupierar, musikarar, legar, flygarar, flymekanikarar og reparatørar som er tilsette og lønte av eit handverksfirma, skipsverft o.l.
statsborgarar frå andre EØS-land som etter artikkel 14 nr. 1-4 i EØS-forordninga kjem inn under lovgjevinga i eit anna EØS-land.
På fiske- og fangstfarty over 100 bruttotonn omfattar pensjonstrygda arbeidstakarar som er tilsette i stilling om bord som skipsførar, styrmann, bestmann, maskinist, maskinassistent, fyrbøtar (motormann), lempar, smørjar, maskingut, stuert, kokk eller hjelpegut. Arbeidstakarane kjem inn under trygda utan omsyn til lønsform (hyre og/eller lott). Fiskarar kjem ikkje inn under pensjonstrygda. Dersom fartyet blir sett inn i ein annan fart enn fiske og fangst når fangsten er levert, omfattar trygda alle som har arbeid om bord i det tidsrommet fartyet går i slik fart.
På borefarty (boreskip og rørlege boreplattformer for boring etter undersjøiske naturførekomstar) omfattar pensjonstrygda arbeidstakarar som er tilsette i stilling om bord av den som eig eller disponerer borefartyet, av boreentreprenørar eller av underentreprenørane deira – medrekna cateringselskap. Den tilsette er trygda utan omsyn til om boringa går føre seg på norsk eller utanlandsk kontinentalsokkel.
Ein arbeidstakar som er tilsett hos operatøren for feltet eller av ein av underentreprenørane til vedkomande, kjem ikkje inn under trygda.
Arbeidstakaren kjem inn under trygda så lenge tilsetjingstilhøvet om bord står ved lag, og dessutan i dei periodane før eller etter dette når vedkomande får utbetalt hyre, feriegodtgjersle og fritids- kompensasjon etter avtale eller lov inntil 12 månader om gongen. Dette gjeld òg under reise til fartyet og den tida tenestetilhøvet står ved lag medan fartyet ligg i opplag, ved verkstad eller til utrusting. Det same kan gjelda i tilfelle der arbeidstakaren har kortvarig teneste på eit skip som ikkje kjem inn under trygda, eller på eit reiarlagskontor. Føresetnaden er at arbeidstakaren innan kort tid skal venda tilbake til ordinær pensjonsgjevande teneste, og at det blir betalt pensjonsavgift.
Arbeidstakaren kjem òg inn under trygda i periodar der vedkomande får utbetalt sjukepengar og liknande ytingar frå folketrygda for sjukdom o.a. som har råka vedkomande i pensjonsgjevande teneste.
Retten til sjømannspensjon eller tilbakebetaling av pensjonsavgift og storleiken på desse ytingane er avhengig av kor mange pensjons- gjevande fartsmånader sjømannen har tent opp. Hovudregelen er at det må vera betalt pensjonsavgift for den tida som kan godskrivast som pensjonsgjevande, men det gjeld visse unntak.
Maritim skulegang blir ikkje rekna som pensjonsgjevande tid. Det same gjeld for militær eller sivil vernepliktsteneste. Gjorde du verne- pliktsteneste før 1981, kan denne tenesta likevel reknast med for å fylla minstekravet for rett til pensjon, dersom avteninga tok til innan seks månader etter at det pensjonsgjevande tidsrommet eller den maritime skulegangen var avslutta.
Fartstida blir utrekna i pensjonsgjevande månader på denne måten: Teneste i meir enn 15 dagar i ein kalendermånad blir rekna som ein heil pensjonsgjevande månad. Teneste i 15 dagar eller mindre i ein kalendermånad blir rekna som ein halv pensjonsgjevande månad. Pensjonsgjevande tidsrom utanom tenesta om bord (ferie, fritid osv.) legg vi saman med den føregåande fartsperioden og rekna dei ut på same måte som den.
For arbeidstakarar på redningsskøyter reknar vi kvar fartsmånad etter 1.7.1951, men før 1.7.1975, som 1 ½ pensjonsgjevande månad. Du kan likevel ikkje få godkjent meir enn 12 pensjonsgjevande månader i året. Tilsvarande særreglar gjeld for arbeidstakarar i pensjonsgjevande teneste på kvalfangst utanfor riket etter 1.7.1951.
Arbeidsinntekt i land påverkar ikkje retten til sjømannspensjon, men kan ha verknad for retten til pensjonstillegg.
For å ha rett til sjømannspensjon må du normalt ha tent opp minst 150 pensjonsgjevande fartsmånader.
For å nå opp i minstekravet på 150 månader kan ein rekna med
Tenestetid som nemnd ovanfor kan berre reknast med for å fylla minstekravet, men tel ikkje med ved sjølve utrekninga av pensjonssummen.
Sjømannspensjon blir til vanleg utbetalt mellom fylte 60 og 67 år. Som det går fram ovanfor, kan retten ta til å gjelda noko seinare enn frå fylte 60 år dersom tenesta til sjøs ikkje er avslutta. Det same gjeld dersom føresegna om høgare pensjonsalder er aktuell.
Sjømannspensjonen stoggar ved fylte 67 år eller frå det tidspunktet sjømannen får utbetalt 100 prosent uførepensjon, førebels uførestønad, rehabiliteringspengar, attføringspengar eller avtalefesta pensjon (AFP) utrekna etter regelverket i folketrygda. For den som får yting som nemnd etter ein lågare pensjonsgrad, fell ein del av sjømannspensjonen bort; dette blir utrekna i høve til pensjonsgraden.
Sjømannspensjonen blir utbetalt etter satsar som er fastsette i høve til grunnbeløpet i folketrygda (G). Pensjonen blir difor automatisk regulert når grunnbeløpet blir endra, til vanleg 1. mai kvart år.
Dersom pensjonisten forsørgjer barn under 18 år, blir det gjeve barnetillegg med 10 prosent av sjømannspensjonen for kvart barn.
Dersom pensjonisten har tent opp minst 36 pensjonsgjevande fartsmånader i løpet av dei siste 60 månadene før vedkomande tek ut pensjonen, eller før oppnådd pensjonsalder, har han/ho rett til eit pensjonstillegg dersom den årlege arbeidsinntekta ikkje er større enn 2 G (grunnbeløpet i folketrygda).
Tillegget utgjer 23 prosent av pensjonen for personar som er fødde i åra 1934–42. Tillegget blir lågare for seinere årskull (20 prosent for 1943-45, 17 prosent for 1946-48, 14 prosent for 1949-51, 11 prosent for 1952-54, 8 prosent for 1955-59 og 5 prosent for 1960-64).
Tillegget kan ikkje gjevast til den som tek ut redusert sjømannspensjon før fylte 60 år, jamvel om vedkomande fyller vilkåra elles.
Pensjonstrygda har laga eit eige rundskriv om reglane for pensjonstillegg.
Overordna:
kr
607,99
Underordna før 1.5.93: kr
434,28
Underordna etter 30.4.2003: 507,78
Det kan ytast sjømannspensjon tidlegast frå fylte 55 år til den som har slutta i tenesta til sjøs, dersom summen av alder og pensjonsgjevande fartstid er minst 80 år. Pensjonen blir redusert med 0,7 prosent for kvar månad vedkomande manglar på pensjonsalderen når pensjonen tek til. Denne reduksjonen er varig. Pensjonen kan i slike tilfelle ikkje gjevast for lengre tid tilbake enn tre månader før vedkomande set fram kravet.
Til redusert pensjon kan det ytast barnetillegg, men ikkje pensjonstillegg.
Sjømannspensjonen blir sett i gang frå og med månaden etter at retten til pensjon tek til å gjelda. Det vil seia at den som har rett til pensjon frå oppnådd pensjonsalder 60 år, får pensjonen utbetalt med verknad frå og med månaden etter at vedkomande fyller 60 år.
Den som held fram med tenesta til sjøs og difor har rett til pensjon frå eit seinare tidspunkt, får pensjon utbetalt frå og med månaden etter at oppteninga er stogga før fylte 62 år. Held vedkomande fram i sjøtenesta etter fylte 62 år, kan pensjonen utbetalast med verknad frå og med månaden etter at vedkomande fyller 62 år.
Elles gjeld det at ordinær sjømannspensjon ikkje kan gjevast for lengre tid tilbake enn tre år før den kalendermånaden då sjømannen set fram pensjonskravet. Redusert sjømannspensjon kan som nemnt ikkje gjevast for lengre tid tilbake enn tre månader før kravet blir framsett.
Det kan ikkje ytast sjømannspensjon til den som er eller blir innvilga 100 prosent uførepensjon, førebels uførestønad, rehabiliteringspengar eller attføringspengar frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP) med verknad frå eit tidspunkt etter 31.12.2000. For den som får ei yting som nemnd etter ein lågare pensjonsgrad, fell ein del av sjømannspensjonen bort, utrekna i høve til pensjonsgraden.
Sjømenn som blir uføre, må ta opp spørsmål om rett til ytingar frå folketrygda med trygdekontoret på staden.
Det kan ikkje ytast sjømannspensjon i nye pensjonstilfelle etter fylte 67 år (dvs. til sjømannspensjonister som fylte/fyller 67 år etter 31.12.2000).
Sjømenn over 67 år må ta opp spørsmål om alderspensjon frå folketrygda medtrygdekontoret på staden.
Enkjepensjon kan ikkje ytast dersom mannen døydde etter 31.12.2000. Unntak gjeld dersom mannen var sjømannspensjonist med krigs fartstillegg. Attlevande etter sjømenn må ta opp spørsmål om rett til yting frå folketrygda med trygdekontoret på staden.
Ein arbeidstakar har rett til å få tilbakebetalt pensjonsavgift (arbeidstakardelen) som ein eingongssum når vedkomande
Avgifta som sjømannen får betalt tilbake, blir utrekna som ein eingongssum som svarar til 2/3 av eitt års pensjon utrekna på grunnlag av dei pensjonsgjevande fartsmånadene vedkomande har tent opp. Den som får utbetalt mindre enn 100 prosent uførepensjon, førebels uførestønad, rehabiliteringspengar, attføringspengar eller avtalefesta pensjon, får 50 prosent av summen. Utrekninga byggjer på dei pensjonssatsane som gjeld på utbetalingstidspunktet.
Krav om tilbakebetaling
Krav om tilbakebetaling av pensjonsavgift skal setjast fram på same måte som krav om pensjon; sjå nedanfor under pkt. 8.
Ordninga med sjømannspensjon har tradisjonelt bygt på at sjømannen sjølv tek initiativ til å setja fram krav om pensjon når vedkomande fyller vilkåra for pensjon og han/ho ønskjer å få pensjonen utbetalt. Pensjonstrygda har no bygt opp ein større database over sjømenns fartstid, og vi har dermed godt grunnlag for å kontakta kvar einskild sjømann direkte og gjera vedkomande merksam på mogleg rett til sjømannspensjon eller tilbakebetaling av pensjonsavgift. Vi følgjer no ein rutine med senda ut slik informasjon med kravblankettar til alle tidlegare sjømenn som har ei viss minstefartstid og er busette i Noreg, men som ikkje har sett fram krav om pensjon/ tilbakebetaling av avgift.
Dersom du har nådd pensjonsalderen og meiner at du har rett til sjømannspensjon eller tilbakebetaling av pensjonsavgift, bed vi deg setja fram krav om dette på blankett som du kan få frå oss eller frå trygdekontora/ arbeidskontora. Kravblanketten finner du her.
Pensjonstrygda har dei fleste opplysningar om sjømenns pensjonsgjevande fartstid. Du treng førebels å gje opplysningar om eventuell tenestetid på fiske- og fangstfarty før 1.1.1968. Det same gjeld for eventuell sjuketid som sjømann i åra 1971–1978 og for vernepliktsteneste m.m.
Pensjonstrygda har ingen opplysningar om eventuell teneste på skip som er registrerte i eit anna EØS-land og som kan verka inn på retten til sjømannspensjon. Det du har av dokumentasjon/opplysningar om slik teneste, må du difor senda inn saman med kravet.
Når kravblanketten er ferdig utfylt og underskriven, sender du han til Pensjonstrygda for sjømenn.
Etter få dagar får du tilbakemelding frå oss om når kravet kan bli ferdigbehandla. Så framt det er råd, bør du senda inn kravblanketten tre til fem månader før du ønskjer å få pensjonen utbetalt.
Når vi behandlar kravet ditt, tek vi sikte på å gje deg personleg service og rask tilbakemelding. Dersom du ønsker å ta kontakt med ne av våre saksbehandlere, se siden hvem svar på hva..
Dersom vi treng nærare opplysningar, tek vi kontakt med deg over telefon eller på annan måte.
Sist oppdatert:
14.10.2007