Nemninga regjeringa vert i daglegtale nytta med to tydingar; om kollegiet samla under Kongens leiing i statsrådsmøte, og om kollegiet samla under statsministeren si leiing i regjeringskonferanse.
Grunnlova og konstitusjonell praksis avgjer kva saker som formelt sett må avgjerast i statsråd hos Kongen, og kva saker kvar statsråd kan avgjera sjølve. I båe tilfelle er regjeringskonferansen det sentrale forumet for dei politiske drøftingane før dei formelle avgjerdene vert tekne.
Regjeringas medlemer
Etter Grunnlova er det Kongen som i statsrådsmøte utnemner statsrådane og fastset kva departement dei skal styre.
Det vert ikkje sjeldan gjort endringar i departementsstrukturen, ved at saksområde vert overførte mellom departement eller ved at departement vert nedlagde/oppretta. Pr. februar 2007 er det 18 departement og 19 regjeringsmedlemer medrekna statsministeren.