Klagen må leverast innan tre veker etter at det ferdige skatteoppgjeret er er kunngjord. For dei som får skatteoppgjer i juni er klagefristen 10. august, og 2. november for dei som får skatteoppgjer i oktober.
Klikk her for å klage
Klagen må vere skriftleg, og det må gå fram kva du meiner er feil og grunngivinga for det.
Særleg om aksjeutbytte
Meiner du at det aksjeutbyttet som er lagd til grunn ved likninga er feil, må du sende inn klage innan fristen, og grunngje dette så godt det lar seg gjere.
Ver merksam på at du må betale restskatten til rett tid sjølv om du har klagd på likninga. Restskatt skal betalast til skatteoppkrevjarkontoret i kommunen der skatten er skriven ut.
Skatteoppgjeret viser dei tala du sjølv har ført opp i sjølvmeldinga, ved sida av dei tala likningskontoret har lagt til grunn. Kontroller at beløpa stemmer. Små differansar kan oppstå på grunn av avrundinga.
Når likningskontoret endrar sjølvmeldinga di
Likningskontoret har plikt til å varsle deg viss dei gjer endringar i sjølvmeldinga di, men kan la vere å varsle i desse tilfella:
- når likningskontoret endrar postar i sjølvmeldinga som følgje av klare rekne- eller skrivefeil eller ei opplagd misforståing av skattelovgivinga, og ein ikkje må gå ut frå atskattytar har opplysningar som kan ha noko å seie for likninga,
- når endringar i formue er lågare enn 20 000 kroner
- når endringar i inntekt er lågare enn 1 000 kroner
- når likningskontoret stryk ein post som ikkje er frådragsgodkjend, og skattytar er varsla om ei tilsvarande endring eit tidlegare år,
- når likningskontoret endrar ein post som er skjønnsmessig fastsett, og skattytar har vorte varsla om ei tilsvarande endring eit tidlegare år.
Meiner du at det ikkje er riktig slik likningskontoret har rekna ut formue, inntekt eller skatt, kan du klage på likninga. Klagen kan du levere elektronisk via skatteetaten.no eller sende som brev til likningskontoret.
Klagefrister
Klagen må leverast innan tre veker etter at det ferdige skatteoppgjeret er kunngjord.
Har du innanfor klagefristen bedd om opplysningar som du treng for å kunne klage, er klagefristen tre veker etter at likningskontoret sende deg opplysningane.
Har du ikkje motteke pliktig varsel om endringar som likningskontoret har gjort i sjølvmeldinga di, er fristen for å klage på dette tre veker etter at du vart gjord merksam på endringa, men ikkje meir enn tre år etter inntektsåret.
Klagen kan leverast via skatteetaten.no eller sendast som brev til likningskontoret for den kommunen der skatten er skriven ut. Ein klage må vere skriftleg, og det må gå fram av klagen kva som er feil, og grunngivinga for det. Du får skriftleg svar på klagen.
Klagen blir behandla av likningsnemnda, eventuelt likningskontoret. Er du ueinig i avgjerda, kan du klage saka inn til overlikningsnemnda. Alle skattytarar som sender klage, får orientering om den vidare klageretten.
Tap av klagerett
Du taper som hovudregel retten til å få ein klage behandla dersom du:
- ikkje leverer sjølvmeldinga
- ikkje gir dei opplysningane som likningsmyndigheitene ber om
- leverer klagen etter at klagefristen er gått ut.
Sjå også nærmare opplysningar om klagefristar o.a. på baksida av skatteoppgjeret.