| KVINNFORSK |
|
Dr. Tone Bleie, Forskingsdirektør på Christian Michelsens Institutt, Bergen starta opp som Førsteamanuensis II/Professor II på KVINNFORSK 15.september. Det er ei stor hending for oss at vi endeleg har fått knytt ein fagperson til verksemda vår! Tone Bleie skal bidra med sin kompetanse til:
BIOGRAFISK NOTE Tone Bleie har ca. 20 års røynsle frå kjønnsrelatert
forskning, utgreiing og bistandsarbeid. Ho tok magistergraden
i sosialantropologi ved Universitert i Bergen i 1985 og har Dr. Philos.
grad frå same institusjonen. Ho har dei siste åra vore
forskningsleiar ved Chr.Michelsen Institutt. Bleie har hatt og har
i tillegg ulike verv i
På 1980-talet arbeidde Bleie mykje med majoritets-minorietsrelasjonar
mellom bengalarar og stammefolk i Bangladesh. Ho var særleg
oppteken av korleis kjønn vart gjort relevant for å definere
etniske relasjonar, og aukande kønnsdifferensieringa i ein periode
med rask sosiodemografisk og økonomisk endring. I perioden
1984-86 engasjerte Bleie seg i den aukande feministiske kritikken av det
nyliberale utviklingsparadigme. Ho var med og grunnla det globale nettverket
Development Alternatives for Women for A New Era (DAWN) og ho byrja å
jobbe med kjønnsorientert planleggjingsmetododikk etter et opphald
i 1986 ved The Gender Cluster, ved Institute for Development Studies (Sussex
Universitet). Seint op 1980-talet og tidleg på 1990-talet gjorde
Bleie ei omfattande historisk og etnograkisk studie av endra ekteskapsmønster
hjå muslimar, lågkaste hinduar og stammefolk i
Dei seinaste åra har Bleie si forskningsverksemd veksla mellom to svært ulike felt; etnohistoriske perspektiv på nasjonsbygging i Nepal og nydarwinistiske teoribyggjing på høvet mellom evolusjon, sex og kognitive kjønnsskildnadar. P.t arbeider Bleie mellom anna med ein kritikk av filosofen Martha Nussbaum si kapasitetstilnærming (som ei operasjonell tilnærming til kvinner sine menneskerettar). e-mail: tone.bleie@cmi.no
|
|
Sist oppdatert:
14.10.2002
|