Lenke til Stortingets hovedside  

Besl.O.nr.38 (2001-2002)
Lov om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

[pdf-format]

KILDEDOK: Jf. Innst.O.nr.27 (2001-2002) og Ot.prp.nr.30 (2001-2002)


DATO: 2002-02-26

SIDETALL: 2


År 2002 den 26. februar holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov
om endringar i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

INNHOLD

I

II


I

       I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:

       Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring.

Overskrifta til § 2-4 skal lyde:

Undervisninga i faget kristendoms-, religions- og livssynskunnskap. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.

§ 2-4 første, andre og tredje leddet skal lyde:

       Undervisninga i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap skal

-gje grundig kjennskap til Bibelen og kristendommen som kulturarv og evangelisk-luthersk tru,
-gje kjennskap til andre kristne kyrkjesamfunn,
-gje kjennskap til andre verdsreligionar og livssyn, etiske og filosofiske emne,
-fremje forståing og respekt for kristne og humanistiske verdiar og
-fremje forståing, respekt og evne til dialog mellom menneske med ulik oppfatning av trudoms- og livssynsspørsmål.

       Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.

       Den som skal undervise i kristendoms-, religions- og livssynskunnskap, skal ta utgangspunkt i grunnskolen sin føremålsparagraf i § 1-2 og presentera kristendommen, dei ulike religionar og livssyn ut frå sin eigenart. Dei same pedagogiske prinsipp skal leggjast til grunn for undervisninga i dei ulike emne.

§ 4A-4 første leddet skal lyde:

       For opplæringa etter dette kapitlet gjeld §§ 13-1 til 13-3 a.

Overskrifta til § 13-2 skal lyde:

Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar

§ 13-2 første leddet skal lyde:

       Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i sosiale institusjonar som fylkeskommunen har ansvaret for å drive.

Ny § 13-3 a skal lyde:

       Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring i helseinstitusjonar som regionale helseføretak eig.

       Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, spesialpedagogisk hjelp og vidaregåande opplæring etter lova her for pasientar i helseinstitusjonar som det regionale helseføretaket, oppretta etter helseføretakslova § 8, eig i fylkeskommunen. Helseføretaket skal sørgje for nødvendige lokale med inventar og utstyr til opplæringa.

       Departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

§ 13-4 første leddet skal lyde:

       Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen er ansvarleg for å oppfylle retten til skyss av førskolebarn etter § 7-6. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.

II

       Endringane i § 13-2 og ny § 13-3 a trer i kraft straks.

       Dei andre endringane trer i kraft til den tid Kongen fastset. Dei enkelte reglane i lova kan setjast i verk til ulik tid.

Ågot Valle Sigvald Oppebøen Hansen
president sekretær

Sist oppdatert 30. januar 2006 av Stortingets administrasjon