Lenke til Stortingets hovedside  

Besl.O.nr.85 (2005-2006)
Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

[pdf-format]

KILDEDOK: Jf. Innst.O.nr.65 (2005-2006) og Ot.prp.nr.77 (2005-2006)


DATO: 2006-06-13

SIDETALL: 1


År 2006 den 13. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

vedtak til lov
om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

       I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjerast følgjande endringar:

INNHOLD

I

II

III


I

§ 3 skal lyde:

       Kommunestyret kan skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen, eller i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang. Kommunestyret kan velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Utskriving av eigedomsskatt på verk og bruk kan òg skje i tillegg til utskriving av eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang.

§ 4 første punktum skal lyde:

       Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.

§ 5 ny bokstav h skal lyde:

h)Eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk.

§ 7 bokstav e vert oppheva. § 11 første ledd andre punktum vert oppheva. § 13 første ledd første punktum skal lyde:

       Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1..000 av takstverdet.

§ 13 første ledd femte punktum vert oppheva.

II

       Endringane under I blir sette i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007.

III

Overgangsreglar

       Ved ikraftsetjing av endringane under I gjeld følgjande overgangsreglar:

       Ved utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2007 i dei kommunane som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heile kommunen, skal skatten vera utskriven før 1. juni 2007.

Berit Brørby Asmund Kristoffersen
president sekretær

Sist oppdatert 22. juni 2006 av Stortingets administrasjon