|
KILDEDOK: Innst.O.nr.58 (1996-1997) og Ot.prp.nr.12 (1996-1997).
DATO: 1997-04-17
SIDETALL: 2
År 1997 den 17. april holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I
lov av 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. skal det gjerast
følgjande endringar:
§ 10 nytt fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gje føresegner om
internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i
eller i medhald av denne lova blir følgde.
§ 14 skal lyde:
Kongen kan påleggje tilverkarar og importørar ei avgift på plantevernmiddel til dekkjing av utgifter med godkjenning og kontroll av plantevernmiddel og såvarer beisa med slike middel. Kongen kan Rg påleggja tilverkarar og importørar ei miljøavgift på plantevernmiddel. Likeins kan Kongen gje nærmare føresegner om innkrevjing av avgiftene og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.
I
lov av 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr
på planter (plantesjukdomslova) skal det gjerast følgjande endringar:
§ 2 første ledd ny bokstav g. skal lyde:
| g. | gje
føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner
gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde. |
§ 9 første ledd skal lyde:
Til å dekkje utgifter med kontroll med innførsel og utførsel av planter etter denne lova kan Kongen påleggje vedkommande importør eller eksportør å betale avgift. Kongen kan Rg påleggje slik avgift ved import av brukte landbruksmaskinar. Avgifta kan fastsetjast på grunnlag av mengd, vekt eller verdi av dei varer som blir innførde eller utførde. For utferding av sertifikat kan fastsetjast ei avgift som vert å betale av eksportøren. Vedkommande departement gjev nærmare reglar om utrekning av avgiftene og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid.
I
lov av 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer skal det gjerast følgjande
endringar:
§ 2 andre ledd ny bokstav m) skal lyde:
| m) | Gi
forskrifter om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at bestemmelser
gitt i eller i medhold av denne lov overholdes. |
§ 6 andre ledd skal lyde:
Departementet kan gi nærmere bestemmelse om avgiftens beregning, oppkreving og innbetaling og om kontrollen hermed samt om plikt til å betale renter av avgiftsbeløp som ikke betales i rett tid. Departementet kan videre bestemme at avgift som er pålagt produsent, kan kreves opp hos handlende eller andre som kjøper varen fra produsent eller mottar den for salg, lagring o.l., eller som på vegne av produsenten tar imot oppgjør for leverte varer.
I
lov av 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og
jordforbedringsmidler m.v. skal det gjerast følgjande endringar:
§ 3andre ledd ny bokstav f) skal lyde:
| f) | Gi forskrifter om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov overholdes. |
I
lov av 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med forvarer (forvarelova) skal
det gjerast følgjande endringar:
§ 1 første ledd skal lyde:
Kva lova gjeld.
Denne lova gjeld
| a) | tilverking, |
| b) | innførsle og |
| c) | omsetning |
av forvare (jf. § 2) som vert utgjeven for å vera brukeleg til dyrefor.
§ 6 nytt fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
| Gunnar Skaug, | Are Næss, |
| president. | sekretær. |