|
DATO: 1996-02-05
SIDETALL: 2
Til Stortinget.
Det er ikkje etterpåklokskap å seie at lobotomi er eit eksempel på psykiatrien som kvasivitskap. Denne påstanden har nemleg følgt lobotomien i over 50 år.
Eit av nabolanda våre vedtok forbod mot lobotomi i 1951. Han som reiste forslaget om forbod så tidleg som i 1944, meinte at lobotomi var kvakksalveri. Historia har gitt han rett. 25 av dei 33 søknadene om billighetserstatning for lobotomi som Stortinget behandla 12. juni 1995, kom frå personar som vart operert og øydelagt av våre heimlege hjernekirurgar etter at lobotomiforbodet var vedtatt hos naboen i aust. Lobotomien var altså heilt frå første dagen svært omstridd blant fagfolk. Om det var ja eller nei til lobotomi som vann fram, varierte frå land til land.
Skandinaviske psykiatarar drøfta skadeverknadene av lobotomi nokså åpent, bl.a. på den skandinaviske psykiatrikongressen i København i 1946. Spesialistane diskuterte og gjorde greie for avflating av følelsar, reduksjon av evnen til samvittighetsfølelse, interesseavstumping, tap av evnen til å drømme, tap av evnen til å setje seg fjerne mål, fantasere, å leggje planar osv. Da psykiataren Ørnulf Ødegård orienterte om dei same skadeverknadene i Tidsskrift for den norske Lægeforening i 1947, utstyrte han artikkelen med tilføyinga « Ønskes ikke gjengitt i dagspressen ».
Det seier svært mykje om menneskesynet hos utøvande legar og hos helsemyndighetene, når dei trappa opp lobotomeringspraksisen trass i at dei hadde denne kunnskapen og trass i at den norske erfaringa i dei første seks åra var at 30 % av dei lobotomerte døydde på grunn av inngrepet.
Desse få eksempla er grunnlag nok til å slå fast at Helsedirektoratet bygde på feil faktum da dei i ei utgreiing av 15. mars 1989 slo fast at:
| « Lobotomi var en akseptert behandlingsmetode i Norge og ellers i verden på tidspunktet det ble utført. Inngrepet ble den gang ansett for å være forsvarlig ut fra kunnskapen som fantes på området. » |
Det riktige er at dei som hadde makta i norsk psykiatri, dei meinte det var « forsvarlig » å lobotomere visse pasientkategoriar sjøl om dei var vel kjend med skadeverknadene på dei pasientane som overlevde.
Justisministeren hevda så seint som i St.prp.nr.44 (1994-1995) at « lobotomi i seg selv ikke kan begrunne erstatning idet det er lagt til grunn at metoden ble ansett som forsvarlig på den tid den var i bruk ». Justisministeren har altså « lagt til grunn » den feilaktige påstanden som Helsedirektoratet formulerte i 1989.
Når dei toneangivande psykiatarane godtok den slags hjernekirurgiske eksperiment som lobotomien var, så seier det mest om det som var rådande psykiatri. Likevel skal ein hugse at det fantest opposisjon, sjøl om den var svak. Overlege Rolf Gjessing ved Dikemark Sykehus var ein av dei som turde å opponere mot den rådande trenden blant kollegar med autoritet. Den danske psykiataren Joseph Welner, som no er død, omtalte lobotomien som « verdenspsykiatriens skandale ». Han sa alt på 70-talet at « det som virkelig rammer, er at dette kunne finne sted år etter år, slik som det faktisk gjorde ». (Sitat fra side 97 i Psykiatri og historie, 1977, redigert av Kringlen.)
Norske helsemyndigheter engasjerte seg for at befolkninga ikkje skulle få vite kva lobotomi var. Vekebladet Aktuell spurde Helsedirektøren til råds i 1950, da dei vurderte å trykke ein artikkel om lobotomi illustrert med amerikanske bilete av sjølve hjerneinngrepet. Bileta viste ein type lobotomiinngrep som var i bruk i Norge. I eit svarbrev som er datert 14. september 1950 skriv Helsedirektøren bl.a.:
| « Om denne billedreportasjen med tilhørende tekst blir offentliggjort i Norge, vil den etter min mening utelukkende gjøre skade. Publikum vil oppfatte det som bildene viser slik levkotomioperasjon som utføres i Norge, og vil lett bli skremt av den teknikk bildene demonstrerer. Blant publikum finnes det på forhånd forestillinger om angivelig mishandling på sinnssykehus. Slike forestillinger blir ikke avsvekket av bilder som viser hvordan legene stikker spisse instrumenter gjennom øyehulene på pasienten opp i hjernen. Bildene vil bl.a. kunne føre til at det blir vanskeligere å få de pårørende til å gå med på operasjon der det virkelig er grunn til det. » |
Dette sitatet viser at Helsedirektøren brukte hemmeleghalding av fakta i kampen for å dempe motstanden mot lobotomi. Det viser også at motstanden var så sterk at helsemyndighetene likevel hadde problem med « å få de pårørende til å gå med på » lobotomering. Aktuell var lojale mot Helsedirektøren. Reportasjen vart ikkje trykt.
Den ordninga vi i dag har med billighetserstatning (rettferdsvederlag) er heilt uegna til å yte erstatning til dei som vart lobotomert. Det blir ei ny krenkjing når dei lobotomerte skal sorterast etter dei kriteriane som ligg til grunn for vurdering av billighetserstatningssaker. Billighetsprinsippet om at ein berre skal gi « erstatning der det foreligger omstendigheter som tilsier at søker har kommet spesielt dårlig ut i forhold til andre lobotomerte », tar ikkje omsyn til at lobotomering var eit overgrep i seg sjøl.
I juni 1995 ba Stortinget « Regjeringa nedsette et utvalg » som « på generelt grunnlag » skal vurdere « hvorvidt det anses å være berettiget med generelle støtteordninger for alle som har blitt behandlet med lobotomi ».
Fleirtalet ville overlate til Regjeringa å følgje opp saka. Men det var i alle fall klart at det var støtteordninger og ikkje erstatning det var snakk om.
Eit forslag frå Raud Valallianse om at staten skal betale erstatning til alle som vart lobotomert, vart send over til Regjeringa utan realitetsbehandling i Stortinget. Regjeringa har seinare sagt frå at den ikkje vil følgje opp dette forslaget.
Dette er heilt utilstrekkeleg. Lobotomi var omstridd frå første dag, også blant fagfolk. Men metoden vart brukt fordi dei som hadde makta over norsk psykiatri, ville det slik. Det er heva over tvil at dei lobotomerte vart påført store lidingar og at det er snakk om mange øydelagte liv. Det er ikkje muleg å gjere dette godt igjen, men ei erstatningsordning for dei overlevande er i alle fall ei stadfesting av at det var overgrep dei vart utsett for. Og det kan gi hjelp til eit betre liv i den tida dei har framfor seg.
Danmark fekk i 1986 ei lov om erstatning til ofra for psykiatrisk LSD-behandling. Denne lova gir grunnlag for erstatning til dei som kan påvise at dei har vori utsett for slik behandling. Det er bruk for ei liknande lov om erstatning til dei som vart lobotomert i Norge.
På denne bakgrunn vert det fremja
fylgjande
Stortinget ber Regjeringa utarbeide
utkast til lov om erstatning til dei personane som har vorti lobotomerte ved
norske sjukehus.