|
DATO: 1994-04-12
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Underteikna gjer med dette framlegg om å be Regjeringa sette i verk eit arbeid med inntektssystemet til kommunane slik at kriteriane i dette systemet vert nøytralt i høve til skulekretsinndelingane.
Rapportar frå fleire kommunar syner at kriteriane for overføringane til kommunane innebær nedlegging av grendeskular. Desse kriteriane bygger på ein teoretisk skulestruktur, knytta til den såkalle « Agdermodellen ». Modellen konstruerer ein optimal skulestruktur som tilskotta til skuledrift i kommunane reknast ut i frå. Sentrale kriteriar her er elevtal og reisetid. Kostnader til skuleskyss er ikkje teke med i denne modellen. Då det er ein teoretisk norm, tek ikkje kriteriane omsyn til den faktiske skulestruktur i kommunane. Konsekvensane av modellen innebær at mange kommunar med små grendeskular på barnetrinnet ikkje får nok « grunnskuledel » i inntektene frå staten til å kunne forsvare ein desentralisert skulestruktur. Nedskjæringar på skulebudsjetta vert difor ein stimulans til å sentralisere skular.
Kyrkje- og utdanningskomiteen i Stortinget har tidlegare peika på dei problem for skulestrukturen som ligg i inntektssystemet. I samband med handsaminga av budsjettet for 1993, B.innst.S.nr.12 (1992-1993), viste komiteen til at Kommunaldepartementet arbeidet med ei omlegging av inntektssystemet. Komiteen peika då på at omlegginga måtte ta omsyn til at kommunane kunne halda på ein skulestruktur som og var tilpassa spreidt busetting, lange avstandar og kommunikasjonar.
Signala frå kommunane viser at ei slik omlegging ikkje har funne sted. Dette er særs uheldig då skulen ofte er sentrum i grendemiljøa. Skulen er ein naturleg del av oppvekstmiljøet hjå borna, samstundes som skulen er base for mange kulturelle aktivitetar for nærmiljøet. Dette er ein kvalitet som inntektssystemet til kommunane ikke må øydeleggja.
På denne bakgrunn gjer underteikna
følgjande
Stortinget ber Regjeringa sette i verk
eit arbeid med inntektssystemet til kommunane slik at kriteriane i dette
systemet vert nøytrale i høve til skulekretsinndelingane i kommunane. Det
gjer at dei kommunar som ønskjer å oppretthalde ein spredt skulestruktur,
kan gjera det.