|
DATO: 1995-01-17
SIDETALL: 2
Til Stortinget.
Underteikna fremmar med dette forslag om at dei omfattande planane om postsentralisering og nedlegging av postkontor vert stansa inntil det er utarbeidd ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet, for å sikre eit likeverdig servicetilbud i alle deler av landet.
Eit godt tilgjengeleg postnett er ein viktig føresetnad for næringslivet og busetjinga i heile landet. Forslaga frå Postverket om samanslåing av postdistrikt og ei storstilt nedlegging av postkontor skapar stor uvisse om dei framtidige posttenestene i store deler av landet. Det rår i dag stor uro i mange lokalsamfunn. Folk fryktar at det lokale postkontoret skal leggjast ned i den omorganiseringa som det no vert lagt opp til i Postverket.
Det har vore eit viktig politisk mål å oppretthalde eit likeverdig postservicetilbud i alle deler av landet. Signala om at over 300 postkontor skal leggjast ned dei næraste åra, samt sentralisering av postdistrikt/områdeadministrasjonar bryt med prinsipp om likeverdige servicetilbod i hele landet.
Stortinget har ved fleire høve omtala med bekymring omfanget i nedlegging av postkontor. I B.innst.S.nr.II (1993-1994) uttalte fleirtalet i komiteen følgjande:
| « Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Rød Valgallianse, viser til at postkontorene er en sentral del i et levende lokalsamfunn og at det derfor er viktig for å opprettholde et likeverdig servicetilbud i alle deler av landet. Flertallet viser til Innst.S.nr.144 (1991-1992) der flertallet Arbeiderpartiet, Sosialistisk Vensterparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet uttalte følgende: « Fleirtalet ser med uro på det store omfanget og tempoet i nedlegging av postkontor som det her er lagt opp til. Særleg må Postverket vere varsam med nedlegging der det er sterk lokal motstand mot ei omlegging av postservicen som fører til nedlegging av postkontoret. Fleirtalet meiner at det må leggjast stor vekt på fråsegn frå den aktuelle kommunen. » |
Ved handsaming av St.prp.nr.49 (1993-1994) der nye retningslinjer for planlegging og omlegging av posttenester vart trekte opp, understreka Stortinget m.a. at kommunane i endå større grad enn tidlegare vert trekte aktivt inn i planleggingsprosesser som angår postkontornettet, og at det skal leggjast særleg stor vekt på kommunane sitt syn.
Senterpartiet ser at det i visse høve kan vere hensiktsmessig med ei viss omlegging til landpostbud og kontraktspostkontor, men dette må vere unntaket og ikkje regelen for postservicen i distrikta.
Senterpartiet kan ikkje akseptere dei planane som no ligg føre om sentralisering og postkontornedlegging. For å hindre ei slik massiv nedlegging av postkontor, som vil gå ut over servicen både i by og landkommunar, vil Senterpartiet føreslå at det utarbeides ein nasjonal plan for korleis postkontornettet skal sjå ut i framtida, der det vert trekt opp faste kriterier for postservicen og distribusjonsnettet. Postservicen må planleggjast som ein del av det totale servicetilbodet i kommunane.
Inntil ein slik landsplan er handsama av Stortinget, må planane om nedlegging av postkontor stansast, der eit fleirtal i kommunestyret går imot nedlegging. Senterpartiet går også inn for at det må utarbeidast nytt regelverk der Samferdselsdepartementet er ankeinstans.
På denne bakgrunn fremmes følgende
Stortinget ber Regjeringa utarbeide
ein nasjonal plan for det framtidige postkontornettet, der det vert trekt
opp nasjonale kriterier for å sikre ein likeverdig postservice i alle deler
av landet, og der kommunane får ei større innverknad på korleis postservicen
skal vera i den enkelte kommune.
Stortinget ber Regjeringa instruere
Postverket om å stanse planane om postkontornedlegging inntil ein slik
nasjonal plan er handsama av Stortinget.
Stortinget ber Regjeringa utarbeide
eit regelverk der Regjeringa ved Samferdselsdepartementet er ankeinstans.