Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:44 (1994-1995)
Framlegg frå stortingsrepresentant Bjørg Hope Galtung om innføring av promillegrense 0,0


DATO: 1995-02-24

SIDETALL: 1



INNHOLD

(* Innledning *)

Framlegg


(* Innledning *)

       Til Stortinget.

       Kvart år køyrer over 200.000 nordmenn bil etter å ha drukke alkohol.

       Å ferdast i trafikken er eit komplisert samspel mellom sanseinntrykk, vurderingsevne og muskelrørsler i hender og føter. Ved bruk av alkohol vil fylgjande inntreffa:

-Reaksjonstida aukar
-Koordineringsevna vert redusert
-Vurderingsevna avtek
-Sidesyn og nattsyn vert svekka.

       Promillekøyring er eit stort problem i trafikktryggleiksarbeidet, og truleg den største einskildårsak til ulykker.

       Vegtrafikklova sin § 22 slår fast at ingen må føra eller prøva å føra motorvogn dersom han/ho har ein alkoholkonsentrasjon i blodet på meir enn 0,5 promille.

       Ingen vert i realiteten straffa før ein har over 0,5 promille. Men sjølv den minste målbare mengde alkohol i kroppen vil kunna påverka køyreferdigheita. Især er dette tilfelle hjå unge bilførarar og utrena sjåførar.

       Ved 0,5 promille vil køyreferdigheita hos einskilde avta med heilt opp til 20-30 %. Ved å innføra prinsippet om promillegrensa på 0, slår ein fast at køyring og alkohol ikkje høyrer saman.

       Vi vil dessutan få viktige verknader av null promille. Den vil vera haldningsskapande på den måten at lova er eintydig. Ingen bruk av alkohol vert tillete i samband med trafikk.

       Vi vil vidare få redusert ungdomsulykkene. I dag er 40 % av alle skada og drepne i trafikken ungdom mellom 15 og 24 år, og i promilleulykkene utgjer denne aldersgruppa ca 56 %. Null promille vil vidare gje færre problem knytta opp til alkoholbruk og medisin og dessutan medføra mindre problem knytta opp til bruk av andre rusmidler, t.d. hasj og heroin.

       Det er i dag ikkje uvanleg at folk drikk så tett opp til 0,5 promillegrensa som mogleg. På einskilde restaurantar fins der t.d. automatar som testar utandingslufta. Ved null promille vil slik « grensedrikking » koma til opphøyr.

Framlegg

       Med denne grunngjeving vert det fremja fylgjande

framlegg:

       Stortinget ber Regjeringa vurdera innføring av promillegrense 0,0.

24. februar 1995.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon