|
DATO: 1995-05-09
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Trass i media sine sjølvpålagde reglar om varsemd, skjer det stadig overtramp i einskilde medium. Namn og bilete av mistenkte/sikta personar har ved ulike høve blitt slått stort opp i samband med media si dekning av kriminalsaker. I Norge har me lenge levd etter regelen om at alle er uskuldige inntil domstolen har sagt noko anna.
Dersom ein mistenkt/sikta har vært sterkt fokusert i media, vil vedkomande vera stempla for livet, sjølv om vedkomande syner seg å vera uskuldig. På denne måten kan media vera med på å dømma ein person på førehand, slik at det i vanlege folk sine auge kan etterlata seg eit inntrykk av at vedkomande likavel er skuldig. Det er difor behov for eit betre rettsvern for mistenkte/sikta.
Ved ein del drapssaker har media framstilt offera på ein særdeles negativ måte. Offera si fortid og privatliv er blitt bretta ut i full offentleghet for å krydra media si framstilling av ei sak. Dette er overgrep mot personar som ikkje kan forsvara seg. Omsynet til pårørande tilseier og eit betre regelverk for kor langt media kan gå på dette område.
Det beste hadde vært om media sjølv regulerte dette, men utviklinga tyder på at det ikkje skjer. Sjølv om media ikkje ynskjer noko form for regulering, må omsynet til privatlivets fred og rettsvernet for einskildmenneske telja meir.
På denne bakgrunn vert det fremja
fylgjande
Stortinget ber Regjeringa vurdera i lovs form, eller på anna vis, korleis ein kan hindra at media offentleggjer navn og bilete på personar som er mistenkt eller sikta i kriminalsaker.
Det må vere mogleg å gjere unntak frå lova dersom omsynet til « åpenbare allmenninteressar » eller åpenbare omsyn til tredjemann krev at identifikasjon skal oppgjevast.
Regjeringa bør i denne samanhang også
vurdera kva som kan gjerast for å betra rettsvernet for dei som er offer for
kriminaliteten.