Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:72 (1995-1996)
Framlegg frå stortingsrepresentantene Marit Arnstad, John Dale og Magnhild Meltveit Kleppa om informasjonsordningar om EØS-avtalen og endringar i Stortinget sin forretningsorden med sikte på å auka Stortinget sin medverknad i EØS-saker.


DATO: 1996-03-28

SIDETALL: 3



INNHOLD

(* Innledning *)

Til A:

Til B:

Til C:

Til D:

Til E:

Framlegg


(* Innledning *)

       Til Stortinget.

       Bakgrunnen for framlegga som følgjer er at over to års røynsle med EØS-medlemskap har vist klåre demokratiske manglar ved sakshandsaminga av EØS-saker samanlikna med andre saker Stortinget arbeider med. Dette er eit problem som er felles uansett haldning til EØS-avtalen, og målet med framlegga her er å syta for auka legitimitet i handsaminga av EØS-saker. Av fleire rapportar frå den seinare tid, går det fram at ein også på forskarhald sannkjenner problemet. Ein av dei er artikkelen « The Norwegian Parliament and European Integration. Reflections from medium-speed-Europe » av cand.jur Fredrik Sejersted, Universitetet i Oslo. Han er prenta i boka: « National Parliaments as Cornerstones of European Integration », redigert av Eivind Smith (vert utgitt av Kluwer, Nederland, 1996). Nedanfor følgjer nokre sitat frå artikkelen i norsk omsetjing:

       « Som kollegaene deira i medlemsstatane, møter norske parlamentarikarar utfordringa om å vinna tilbake tapt makt. »
       « Flyttinga av makt til overnasjonalt nivå kan berre i svært avgrensa grad bli gått i møte ved direkte parlamentarisk påverknad på det same nivået. I staden må nasjonale parlament auka påverknaden gjennom dei nasjonale regjeringane. Det tyder at oppfølgings- og kontrollfunksjonane i parlamenta må understrekast sterkare. »
       « Ei klår ulempe med EØS-avtalen er at dens formelle statusen til ein viss grad skjuler den reelle. Dette kan halda Stortinget frå å gjennomføra naudsynte reformer, både når det gjeld intern organisering og betra tilgang på informasjon og analysar. Statusen til Avtalen held òg oppe det tradisjonelle skiljet mellom innan- og utanrikspolitikk. For å påverka EU-politikken må eit parlament integrera denne i det parlamentariske dagleglivet, og sjå på denne som ei forlenging av nasjonalpolitikk, ikkje som eksterne saker som skal førehavast separat og med varsemd. I Unionen ser dette faktumet ut til, sakte med sikkert, å demra for dei fleste nasjonale parlamenta. I EØS derimot, verkar den formelle strukturen nettopp til å oppretthalda EU-politikk som vanleg utanrikspolitikk. »

       Framleggsstillarane ser ikkje at strukturen i EØS-avtalen må avgrensa Stortinget sitt høve til å påverka politikkproduksjonen gjennom EØS i så stor grad som det skjer i dag.

Til A:

       Framleggsstillarane konstaterer at førehavinga av EØS-saker på Stortinget i for lita grad følgjer reglane om offentleg innsyn og grundig saksførebuing samanlikna med sakshandsaminga på Stortinget elles. EØS-sakene dreier seg til dels om viktige innanrikspolitiske spørsmål, som Stortinget vanlegvis ville ha førehavd på mykje grundigare vis.

       Regjeringa orienterer Stortingets konsultasjonsorgan i EØS-saker 3 - 6 dagar før møte i EØS-komiteen i Brussel. Sakspapira til møtet ligg ikkje føre i Stortinget tidlegare enn seks dagar før møtet i konsultasjonsorganet. Det gjev dårleg høve til i tide å skaffa informasjon frå departement eller andre instansar utover det som følgjer med saksbunken. Referata frå møta i konsultasjonsorganet vert ikkje gjorde offentleg, noko som gjev ålmenta lite høve til å høyra og diskutera meininga til regjeringa og dei einskilde partia i EØS-saker.

Til B:

       EØS-avtalens art. 92 er heimelen for EØS-komiteens forretningsorden. Forretningsordenen er gjeven ved vedtak i EØS-komiteen. I EØS-komiteen opptrer berre to partar, EU og EFTA-statane, jf. art. 93. EFTA-statane kjem fram til felles standpunkt til sakene i EØS-komiteen gjennom møte i EFTAs faste komité, jf. Avtalen om EFTAs faste komité, som er ein del av EØS-lova av 27. november 1992. Noreg har stor makt i EFTAs faste komité, og vil såleis ha stor gjennomslagskraft for krav om lengre tidsfristar i saksgangen i EØS-komiteen. Sakshandsaminga i dag går føre seg med så korte tidsfristar at det ikkje er sikkert at medlemene i konsultasjonsorganet har høve til å skaffa seg god nok informasjon før møta. I alle fall vert det for kort tid til å føra ei reell utveksling av spørsmål og svar mellom medlemene i konsultasjonsorganet og Regjeringa på førehand. Vidare er det ikkje tid til ein konsultasjon som inkluderer ordinær partigruppeførehaving. Ein risikerer dermed at konsulteringa ikkje gjev eit godt nok uttrykk for kva som er Stortingets haldning.

Til C:

       Reglar vedtekne gjennom EØS gjeld i stor grad norske borgarar på same vis som reglar vedtekne innanfor det norske lovgjevingsapparatet. Ja, desse reglane har endåtil førerang framfor andre norske lover og forskrifter, gjennom protokoll 35 til EØS-avtalen og EØS-lova § 2, som gjev dei slik status. Det ville derfor vera ønskjeleg å gjennomføra same prosedyre for all lovgjeving, noko som oftast inkluderer høyringsrundar til særleg impliserte partar. Grunna korte tidsfristar og dei innskrenka innsynsreglane som gjeld i EU og EØS, er det vanskeleg å etablera slike ordningar for alle nye norske EØS-initierte rettsakter.

       Framlegget i C vil likevel kunna vera eit utgangspunkt for ei utvida innsynsordning i høve til gjeldande praksis. Regjeringa får etter framlegget ansvar for å skaffa dei som er interesserte ein viss informasjon om komande EØS-reglar. Seinare kan ordninga eventuelt byggjast ut til meir reelle høyringar.

       Framleggsstillarane viser her til fråsegn frå utanrikskomiteen om Stortingets arbeid med EØS-saker, datert 3. februar 1994, og referert på s. 4 i Innst.S.nr.112 (1993-1994). Komiteen uttalte samrøystes at: « Ved siden av den mer omfattende informasjon som gis Stortingets konsultasjonsorgan, går disse medlemmer inn for at det etableres en ordning med kortfattet, offentlig informasjon om alle nye forslag fra EU-kommisjonen som også vil bli foreslått tatt inn i EØS-regelverket. ... En slik ordning er viktig for å sikre en åpen, demokratisk adgang til informasjon og påvirkning før Regjeringen gir instrukser om Norges holdning foran møtene i EØS-komiteen. »

Til D:

       Framleggsstillarane konstaterer at det i rammeverket for EØS-komiteen eksisterer informasjonsordningar som gjev viktige signal om utviklinga av EØS, men som ikkje når Stortinget, jf. art.105 om informasjon frå domstolane i EU og EFTA.

       I tillegg må Stortinget ofte sjå på at vedtak i EFTAs overvakingsorgan (ESA) set grenser for Stortingets eigne vedtak, eller gjev pålegg om nye vedtak i Stortinget, utan å ha noka fastlagd ordning for informasjon om vedtak i ESA. Regjeringa vert informert frå ESA om vedtak og gransking som gjeld Noreg. Det er såleis naturleg at Regjeringa får ansvar for å informera Stortinget. Vedkomande vedtak og gransking som Regjeringa ikkje får direkte informasjon om, men som kan få verknad for Noreg eller norske personar, er det Regjeringa som må arbeida overfor ESA for å oppretta informasjonsordningar som også kan gje tilfredsstillande informasjon til Stortinget. Dette kan takast opp i samband med at ein no, etter at ESA har hatt meir enn to års virke, set i gang arbeid for å laga skriftfeste reglar for innsyn i dokumenta til organet.

       Informasjon frå ESA må ikkje avgrensast berre til endelege vedtak, men må òg gjelda opningsbrev og formelle brev frå organet, når informasjon om slike kan gjevast Stortinget utan å krenka reglar om hemmeleghald.

       Vidare er det viktig at Stortinget får melding om kva vedtak som er gjorde i EØS-komiteen med ein gong. Ofte vert det ikkje gjort vedtak i alle saker som har vore oppe i konsultasjonsorganet, og det er ikkje tilfredsstillande at Stortingets einaste kjelde til rask informasjon skal vera det pressa vel ut å skriva frå EØS-komiteen. At vedtaka lenge etterpå vert prenta i EØS-tillegget til EF-tidende stettar heller ikkje behovet for rask informasjon.

Til E:

       Til analyse- og utgreiingsarbeid i EØS-saker for Stortinget er det behov for eit større apparat enn det Internasjonalt sekretariat utgjer i dag. Ikkje minst samanlikna med andre parlament i EØS, er Stortinget lite utstyrt med eigen ekspertise. Dette gjer Stortinget svært avhengig av informasjonstilgangen frå Regjeringa, noko som minskar evna for Stortinget til å ta eigne initiativ. Styrkinga av partigruppene på EØS-området var nyttig, men ein fellesfunksjon vil styrka Stortingets forankring som ein aktør i EØS. Kontoret bør byggast opp med sterk kompetanse i statsvitskap og juss.

Framlegg

       På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande

framlegg:

A.
I.
Stortinget sin forretningsorden

§ 13a skal lyda:

       Dei konsultasjonane som Regjeringa har med Stortinget om framlegg om nye eller endra rettsakter på eit område som er omfatta av Avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), skal haldast med utanrikskomiteen. Den norske delegasjonen til parlamentarikarkomiteen for EØS skal i desse sakene vera med utanrikskomiteen. Valkomiteen skal i tillegg oppnemna nye medlemer slik at alle partigruppene vert representerte. Utanrikskomiteen eller leiaren for Utanrikskomiteen kan dessutan vedta at ein eller fleire andre komitear skal vera med på bestemte konsultasjonar.

       Valkomiteen oppnemner varamedlemer for medlemene i konsultasjonsorganet. Varamedlemene blir innkalla ved alle forfall. Valkomiteen kan, etter ønske frå vedkomande gruppe, likevel avgjera at ein vararepresentant som møter i utanrikskomiteen, skal møta også i konsultasjonsorganet.

       Leiaren i utanrikskomiteen kallar saman til slike konsultasjonar når vedkomande meiner det trengst, eller når ein medlem av Regjeringa eller ein tredel av medlemene i utanrikskomiteen ber om det.

       Når ein medlem i konsultasjonsorganet stiller skriftleg spørsmål via komitésekretæren i utanrikskomiteen til ein medlem av Regjeringa seinast ti dagar før møtet i konsultasjonsorganet, bør svaret liggja føre seinast fem dagar før møtet. Spørsmål sendt på same vis seinast fire dagar på førehand, bør svarast på seinast to dagar før møtet. Alle spørsmål og svar skal omdelast medlemene i konsultasjonsorganet.

       Saker som er tekne opp i konsultasjonsorganet, skal leggjast fram for Stortinget i møte når minst fire medlemer krev det.

       Forhandlingane i konsultasjonsorganet skal haldast hemmelege dersom det ikkje med reine ord er gjort vedtak om noko anna. Det gjeld òg når konsultasjonsorganet har sams møte med andre komitear. Innkallinga til møtet skal vera offentleg. Referatet frå sakene på møtet er offentleg første arbeidsdag etter at det er gjort vedtak i vedkomande sak i EØS-komiteen.

II.

       Vedtaket under I trer i kraft straks.

B.

       Stortinget bed Regjeringa arbeida for at saksgangen i EØS-komiteen vert endra slik at konsultasjonsorganet for EØS-saker på Stortinget får førebels sakliste og naudsynte sakspapir, kommentert av Regjeringa, seinast 14 dagar før møte i konsultasjonsorganet.

C.

       Stortinget bed Regjeringa så snart råd er etablera ei ordning med kortfatta, offentleg informasjon om alle nye framlegg frå EU-kommisjonen som er relevante for EØS, jf. EØS-avtalen art. 99 nr. 2. Det same gjeld vedtak i andre organ i EUs lovgjevingsprosess. Dersom innhaldet i framlegg/vedtak tilseier behov for å endra norsk lov eller politisk viktige forskriftsreglar, må dette nemnast særskilt. Den som ønskjer det, må få høve til å tinga meir dokumentasjon om framlegget/vedtaket frå Regjeringa.

D.

       Stortinget bed Regjeringa etablera ei informasjonsordning der Regjeringa på ein rask og effektiv måte orienterer Stortinget om utviklinga i EØS. Det gjeld:

-vedtak og brev frå EFTAs overvakingsorgan (ESA), med Regjeringa si vurdering og haldning når det gjeld verknader for Noreg og norske personar
-avsagde domar frå EFTA-domstolen og EF-domstolen som vert sendt partane i EØS-avtalen til kvart møte, jf. EØS-avtalen art. 105 nr. 2,
-vedtak i EØS-komiteen, med plan for gjennomføring av dei i norsk rett

E.

       Stortinget bed Presidentskapet utarbeida framlegg til opprettinga av eit kontor for informasjonsinnhenting, analyse, utgreiing og støtte til stortingsrepresentantane og partigruppene i EØS-saker.

28. mars 1996.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon