|
DATO: 1996-03-28
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Antibiotika både i fôrtilsettingar og til terapeutisk bruk er svært stor i mange land, og presset på Norge er veksande som følgje av effektivitetskrav og auka liberalisering i landbrukspolitikken. Det er vel kjent at omsetning av antibiotika skjer stadig friare i mange land og at forbruket av antibiotika som vekstfremmar i fôr og i terapeutisk samanheng aukar.
Eit resultat av auka bruk av antibiotika er eit veksande problem med antibiotikaresistente bakteriar. Mange land har på grunn av resistensproblem vore nødt til å gå over til meir breispektra preparat både for storfe og svin.
Nyare forsking erkjenner at folk ikkje berre deler mange bakteriar med dyr, men at resistensfaktorane flyt fritt mellom bakteriar på dyr og menneske og mellom harmlause og sjukdomsframkallande bakteriar.
Auka handel både med dyr og mat fører til at resistensfaktorane lettare blir sprett når dei først er danna. Derfor er det viktig å motvirke at resistens blir danna gjennom mellom anna ein strengare lækjemiddelpolitikk, og at vi unngår å få inn nye resistensfaktorar gjennom auka kontroll med importerte dyr og animalske produkt.
Norges forbruk av antibiotika til husdyr har etter kvart blitt lite oversiktleg. Dei siste åra har det ikkje vorte utarbeida statistikk over forbruket til husdyr. Norsk Medisinaldepot har mista sin einerett på innførsel av lækjemidlar som følgje av EØS-avtala. Bortfallet av behovsparagrafen opnar for fleire antibiotika på marknaden, noko som gir ein mindre oversiktleg situasjon. Ved godkjenning av nye antibiotika til husdyr bør ein derfor stille strenge krav.
I tillegg til streng kontroll med antibiotikabruken i Norge, er ei restriktiv line når det gjeld import det mest effektive tiltak for å redusere utbreiing av resistensfaktorane. Når import skjer er det viktig å redusere risikoen gjennom effektive kontrolltiltak. Ein styrka grensekontroll vil være det beste tiltaket, slik at ein kan teste alle produkt før dei når marknaden. Stikkprøvekontroll er på sikt ei utilfredsstillande løysing. Auka ressursar til mottakskontroll er også viktig.
På denne bakgrunn vil ein fremje
følgjande
Stortinget ber Regjeringa forby bruk
av antibiotika i dyrefôr.
Stortinget ber Regjeringa iverksette
strengare kontroll med bruken av antibiotika. Det må etablerast ei
godkjenningsordning med krav om ei vurdering av antibiotikumets evne til å
utvikle antibiotikaresistens blant bakteriane. Det må òg stillast krav om
ein test som kan påvise restar av antibiotika i produkta. Dette må gjelde
alle antibiotika som brukast til husdyr. Det må samstundes foretas ei
totalvurdering, slik at viktige « nisje-antibiotika » i humanmedisin ikkje blir
brukt i terapeutisk samanhen til husdyr.
Stortinget ber Regjeringa sørge for at
det blir utarbeida årleg statistikk som viser forbruket av dei ulike typar
antibiotika.
Stortinget ber Regjeringa iverksette
kontrolltiltak som hindrar at animalske produkt blir importert frå land som
har store problem med multiresistente bakteriar.
Stortinget ber Regjeringa styrke
næringsmiddelkontrollen slik at alle importerte matvarer blir kontrollerte
og ein sikrar forbrukarane helsemessig trygge produkt.