|
DATO: 1996-05-03
SIDETALL: 1
Til Odelstinget
Den lange kuldeperioden i vinter som fall saman med lite haustnedbør og lite snøfall sist vinter, har medført ekstraordinære vanskar for innbyggjarane, særleg i Oppland og Hedmark. I Oppland er det registrert 1.837 gardsbruk, 3.668 husstandar og 19 institusjonar utan vatn. I tillegg har ekstra utgifter til kommunane i dette fylket vore kr 6.569.000,- pr. 12. april 1996. I Hedmark er det pr. 22. april 1996 registrert 341 gardsbruk og 1.318 husstandar utan vatn.
I enkelte kommunar har ca 70 prosent av gardsbruk med husdyr mista vatnet. For Oppland har Fylkesmannen nemnt at den ekstraordinære frosten vil koste ca 250 mill. kroner. Kostnadene med frosten er større enn dei kostnadene flaumen sist sumar medførte.
Så ekstraordinær som denne vinteren har vore, må ein sjå på frosten som naturskade der vasskjeldene frys bort. Frost vert ikkje dekkja av loven for naturskade. Ut i frå dei ekstraordinære tilhøva ein har hatt i vinter, vil det vera rett å utvida grunnlaget for naturskadeloven til også å gjelde frost av vasskjelder.
Det vert difor gjort framlegg om å
endra lova på dette punktet.
I lov av 9. juni 1961 nr. 24 om
sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadeloven) vert det gjort
fylgjande endringar:
§ 5 første leden skal lyde:
Ved naturskade forstås skade som
direkte skyldes naturulykke, såsom skred, storm, flom, tele, stormflo,
jordskjelv, vulkanutbrudd eller lignende.
§ 5 andre leden første punktum skal lyde:
Erstatning ytes ikke for skade som
umiddelbart skyldes lyn eller tørke.
Denne lova trer i kraft straks.