|
DATO: 1996-05-23
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
I fleire kommunar er det ved prosjektmidlar frå Arbeidsmarknadsetaten lagt grunnlag som viser at ein meir fleksibel bruk av tiltaksmidlane kan gi fleire personar fast arbeid. Utprøvde opplegg frå to kommunar i Rogaland, Hå og Randaberg, bør gi både dei to forsøkskommunane og andre interesserte kommunar høve til å fylgja opp med liknande ordningar.
I Hå har eit samarbeid mellom ulike kommunale instansar, Rogaland fylkeskommune, Arbeidsmarknadsetaten og idrettslag gitt arbeidsledige høve til praksisplassar til diverse arbeid i idrettslaga. Jamnleg lokal oppfylgjing har såleis medført at 14 av 20 etter 2 år har eit fast arbeid å gå til.
Randaberg kommune har hatt eit sysselsetjingstiltak i gong sidan 1990. Arbeidskontoret i Stavanger har delfinansiert tiltaket inntil 1. juli 1995. I løpet av denne perioden har ca 400 ungdomar vore i kontakt med kulturetaten i Randaberg og blitt formidla vidare til arbeidsliv, skulegong, attføring, AMO-kurs osb. Praksisplassordninga har vore eit spesielt effektivt verkemiddel for arbeidsledig ungdom.
Sysselsetjingsprosjektet har ein leiar i 50 % stilling kombinert med stilling som leiar av eit ungdomssenter som er ope 7 dagar i veka. Denne kombinasjonen har vist seg svært vellukka i forhold til å fanga opp signal i ungdomsmiljøet, fråfall frå utdanningsinstitusjonar osb. Sysselsetjingsprosjektet har også i samarbeid med eit avløysarlag i jordbruket prøvt ut ein modell med sommarjobbsentral som dei ynskjer å vidareføra på årsbasis. Erfaringane er at lokal kunnskap og nærleik til den ledige, utløyser rask sakshandsaming og gode løysingar for dei aller fleste ungdommane.
Erfaringane frå begge kommunane er verdifulle innspel til korleis fleire unge kan sikrast ein god start i høve til praksis for vidare arbeid. Ei ryddig finansiering er vesentleg. Begge kommunane har grunn for å hevda at dei « sparer » statlege midlar i høve til tiltaksmidlar og tidsbruk i arbeidsmarknadsetaten. Kommunane får samstundes redusert eigne utgifter til sosialhjelp, i tillegg til at det i seg sjølv ligg « forteneste » i å gi fleire eit meir meiningsfylt tilvære.
To tiltak vil vera viktige frå Stortinget for å sikra at fleire får høve til liknande ordningar:
| 1. | Tiltaksmidlar til disposisjon for delfinansiering til kommunar som ynskjer å prøva eller vidareføra samarbeidsprosjekt som sikrar fleire arbeid. |
| 2. | Endring i retningslinjene for bruk av tiltaksmidlar slik at Arbeidsmarknadsetaten i sine respektive distrikt har fullmakt til slik delstøtte på permanent basis. |
På denne bakgrunn vert det fremja
fylgjande
| 1. | Stortinget ber Regjeringa endra retningslinjene for bruk av tiltaksmidlar slik at Arbeidsmarknadsetaten på permanent basis kan bruka midlane meir fleksibelt, t.d. til delstøtte til kommunale jobbsentralar og administrering av praksisplassar. |
| 2. | Av dei årlege arbeidsmarknadstiltaksmidlane vert det avsett midlar til disposisjon for delfinansiering til samarbeidsprosjekt for kommunar som gjennom praksisplassar og jobbsentralar ynskjer å sikra fleire arbeid. |
| For
1996 vert dette gjort i samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett.
|