|
DATO: 1996-05-23
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Forhandlingar pågår mellom Noreg og EU om at EUs importregelverk for animalske produkt og levande dyr skal innlemmast i EØS-avtalen. Regjeringa har ved fleire høve meldt at saka skal leggjast fram for Stortinget i plenum før det vert aktuelt å gjera vedtak i saka i EØS-komiteen. Sist melde handelsministeren dette i konsultasjonsorganet for EØS-saker 23. januar 1996. Men i spørjetimen 17. april 1996 synte svaret handelsministeren gav på spørsmål frå Erling Folkvord at Regjeringa er i ferd med å gå vekk frå desse planane, og i staden ønskjer å leggja saka fram for Stortinget berre som ratifikasjonssak i etterkant.
Saka har stor interesse for norske forbrukarar.
| - | Det handlar om korleis kontrollen med sjukdomssmitte, bakteriar og andre agens i matvarer og levande dyr skal utførast ved handel både med andre EØS-land og tredjeland (land utanfor EØS). |
| - | Regjeringa fastslo sjølv i EØS-proposisjonen (St.prp.nr.100 (1991-1992)) at: «All handel med dyr og dyreprodukter mellom Norge og de øvrige EØS-land vil bli underlagt grensekontroll på samme måte som i dag, og muligheten for å sette dyr eller vareparti i karantene forblir uforandret. Dette vurderes som avgjørende for opprettholdelse av vår gunstige dyrehelse.» (s. 126). Eventuelt å vedta å fjerna grensekontrollen og endra karantenereglane vil såleis vera ei drastisk endring av ein av føresetnadene for EØS-avtalen. |
| - | Saka har ekstraordinært stort omfang samanlikna med andre EØS-saker. Handelsministeren har meldt at det er tale om over 200 rettsakter som eventuelt skal gjennomførast i norsk rett. |
| - | I motsetnad til det som er tilfelle i dei fleste nye EØS-saker fører Noreg reelle forhandlingar med EU om implementering av desse rettsaktene. Noreg kan i dette tilfellet påverka i kva grad rettsaktene eventuelt skal implementerast, og ikkje som i dei fleste andre EØS-saker berre velja mellom å overta rettsaktene eller leggja ned veto mot dei. Då er det særskilt viktig at Stortinget på eit så tidleg tidspunkt som råd får høve til å diskutera og ta standpunkt til dei. |
Framleggsstillarane meiner difor at det er særs viktig å få ein open samfunnsdebatt om saka. Det kan best sikrast gjennom at Stortinget i plenum vert informert og får høve til å debattera saka.
Det vert sett fram følgjande
Stortinget bed Regjeringa leggja saka
fram for Stortinget til open handsaming før saka skal opp i EØS-komiteen.