|
DATO: 1996-06-14
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Ein nedbørfattig vintersesong har synleggjort at ulike energiselskap, private som offentlege, tidvis har problem med å fylgje reguleringsføresegner knytt til minstevassføring i dammar, vatnbasseng og elver. Flomkatastrofen på Austlandet i 1995 set òg nødvendig søkelys på praktiseringa av reguleringsføresegnene. Ein har merkt seg at Økokrim i april i år har tatt initiativ for å sjekke ut moglege lovbrot.
Energiloven opna for ein fri energimarknad for produksjon, omsetning, distribusjon og prising av elektrisk kraft i Norge. Seinare er det etablert Nordisk Kraftbørs med ein utvida fri marknad i Norden. Men effekten av denne marknaden er begrensa fordi nettkapasiteten, enten ikkje blir brukt eller er mangelfull. Særleg gjeld dette problem med overføring av elektrisk kraft frå Nord-Norge og Nord-Sverige, område som har overskotskraft.
Pris på spotmarknaden, og på t.d. sommar- og haustkraft er no tett under og over 30 øre Kwh, samtidig som aktørane er avventande. Dette kan etter kvart skape store problem både for vanlege forbrukere og industri- og næringsliv, dersom prisutviklinga ikkje er under kontroll.
Marknadssituasjonen fører òg med seg sterkare posisjonering både frå norske konsern, norske energi- og distribusjonsverk og ikkje minst frå utanlandske kraftgigantar, med sikte på oppkjøp/fusjonering. Krafteksport kan òg bli ytterlegare interessant, samtidig som presset på kraftutbygging, frigjering av kraft i kraftkrevande industri m.v. kan skyte fart. Dette har òg økologiske og miljømessige aspekt.
Underteikna meiner m.a. på denne bakgrunn at Regjeringa bør vurdere ulike tiltak for å møte denne situasjonen.
Det vert sett fram fylgjande
| - | Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til ei evaluering av energilov og reguleringsføresegner (vassdragsreguleringslova) |
| - | Stortinget ber Regjeringa å opprioritere ansvar og myndighet for kontrollerande myndighet når det det gjeld strømpris og regulerings- spørsmål knytt til vassdrag, dammar og anlegg. |
| - | Stortinget ber Regjeringa, eventuelt i samarbeid med svenske myndigheter, å prioritere ei oppgradering/utbygging av nettet i Norden, med sikte på områdene i Nord-Norge og Nord-Sverige. |
| - | Stortinget
ber Regjeringa vurdere å innføre (tidsavgrensa) maksimalprisar på ulike typar
el-kraft. |