|
DATO: 1996-10-30
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
Om lag 85 % av produksjonskapasiteten i den konkurranseutsette norske kraftforsyning er eigd av offentleg sektor.
Statkraft SF eig rundt 30 %, medan 55 % så langt er eigd av kommunar og fylkeskommunar gjennom « offentleg eigde » energiverk.
Det ligg òg enorme substansielle verdiar i denne sektoren og som Stortinget har bygt opp lov- og regelverk for å sikre ei mest mogleg samfunnsgagnleg forvaltning av.
I kommunesektor er det i dag stor aktivitet og debatt knytt til korleis ein best skal forvalte desse ressursane i eit meir moderne energiregime. Spørsmål om salg og omorganisering er konkret på dagsorden i fleire kommunar. Oftast er reint salg og/eller omdanning til ordinært aksjeselskap alternativa.
Det kan vera ei viss fare for at kommunar og fylkeskommunar no kan gjennomføre forhasta salg fordi dei ikkje ser andre alternativ. Gevinstbeskatningsregelen frå og med 1. januar 1997 er også påvist som faktor her.
Sosialistisk Venstreparti har registrert at tidlegare nærings- og energiminister Jens Stoltenberg har varsla at staten vil vurdere å bruke forkjøpsretten dersom Oslo Energi vert selt/omdanna. Sosialistisk Venstreparti meiner dette er nødvendig for å sikre den nasjonale styringa med sektoren.
Kommunal- og arbeidsdepartementet har hatt ute til høring NOU 1995:17 « Om organisering av kommunal og fylkeskommunal virksomhet » med høringsfrist januar i år. Dette går nettopp på bl.a. å utgreie og utarbeide ulike eigarmodeller ved organisering av kommunal og fylkeskommunal verksemd. Kommunenes Sentralforbund har levert konstruktive innspel med vekt på å få endra kommuneloven for å innpasse ulike nye eigarmodellar. Og det er grunn til å etterlyse Kommunal- og arbeidsdepartementet si oppfølging av NOU 1995:17.
Sosialistisk Venstreparti meiner at dei ulike eigarformene kan vera t.d. :
| - | Kommunal bedrift - «Kommuneforetak» |
| - | Kommuneaksjeselskap, tilpassa kommunal verksemd |
| - | Ordinær forvaltningsmodell |
| - | Særbedrift - med større frihet i forretningsførselen |
| - | Ansvarleg selskap |
| - | Interkommunalt selskap |
Gjennom slike modellar vil ein i langt sterkare grad også medvirke til at kraftselskapa kan forbli fullt ut offentleg eigde og legge til rette for det.
Det vert sett fram fylgjande
Stortinget ber Regjeringa snarast
legge fram ei sak med gjennomgang av og framlegg om ulike og nye
organisasjons- og eigarmodellar for kommunale og fylkeskommunale energiverk
som sikrar offentleg eigarskap.