|
DATO: 1997-02-27
SIDETALL: 1
Til Stortinget.
I Innst.O.nr.77 (1995-1996) fekk Regjeringa tilslutning til ei rekke endringar i lov av 17. juni 1966 nr. 12 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse) og i lov av 27. juni 1947 nr. 9 om tiltak til å fremme sysselsetting m.m.
| - | Endringane gjekk m.a. ut på ei heving av minstegrensa for å få dagpengar (1,25 G), ei todeling av perioden for å få dagpengar (hhv. 78 og 156 veker) avhengig av om inntekta ligg under eller over 2 G. |
| - | Inntekt frå deltaking i arbeidsmarknadstiltak reknast ikkje med i grunnlaget for utrekning av dagpengegrunnlaget. |
Frå Kommunal- og arbeidsdepartementet vart det klart presisert at det i arbeidsmarknadspolitikken skulle leggast til grunn at dei langtidsledige som er i ferd med å gå ut dagpengeperioden, utan å ha fått tilbod om arbeid, og som står utan rett til dagpengar, skal tilbys tiltak.
Reglane skulle gjelde frå og med 1. januar 1997, men pr. dags dato har ikkje Arbeidsdirektoratet og Kommunal- og arbeidsdepartementet blitt einige om nødvendige forskrifter knytt til langtidslediges økonomiske vilkår og den såkalla tiltaksgarantien.
Dei langtidsledige opplever difor no at dagpengar blir avstengt utan at tiltak er tilgjengeleg. Og i strid med klåre føresetnader frå Stortinget praktiserer Arbeidsdirektoratet ei ordning med såkalla « kursstønad » på inntil kr 203 pr. dag for personar som har gått ut 2 x 80 veker! Arbeidsdirektoratet har anbefalt dette til arbeidskontorene, men praksis er ulik frå fylke til fylke!
Denne situasjonen skaper stor frustrasjon og arbeidsmessige problem for tilsette i arbeidsmarknadsetaten, samtidig som dei langtidsledige blir handsama på ein uverdig måte. Situasjonen blir ikkje betre ved at budsjettforliket for 1997 ikkje garanterte eit forsvarleg tiltaksnivå. Tvert imot aksepterte Regjeringa eit kutt på ca 5.000 tiltaksplassar (508 mill. kroner) frå Høgre og mellompartia.
Stortinget ber Regjeringa kome med
framlegg om strakstiltak og endringar i lov om folketrygd og i lov om tiltak
til å fremme sysselsetting som inneheld følgjande:
| 1) | Det ytast heile eller graderte dagpengar til trygdet som har hatt arbeidsinntekt i sist avslutta kalenderår, eller eit gjennomsnitt av dei siste tre avslutta kalenderår, på minst 1 G. |
| 2) | Den ledige skal ha rett på dagpengar dersom vanleg arbeidstid er redusert med minst 25 % (i dag 40 %). |
| 3) | Dagpengeperioden løper normalt i 156 veker (ingen todeling). |
| 4) | Dersom den ledige ikkje har greidd å skaffe seg/eller fått tilbod om arbeid innan dagpengeperiodens utløp, skal vedkomande framleis ha rett til dagpengar eller tiltak. |
| 5) | Inntekt frå arbeidsmarknadstiltak og dagpengar reknast med i dagpengegrunnlaget. |
| 6) | For
langtidsledig ungdom under 25 år og langtidsledige over 55 år vert det utvikla
tiltaksordningar på 2 x 12 månader med normale løns- og arbeidsvilkår. Det må
vidare vurderast å legge til rette for at langtidsledige frå og med fylte 57
år kan få fortrinn til ledig arbeid/stilling i offentleg sektor. |