Lenke til Stortingets hovedside  

Dok.nr.8:54 (1996-1997)
Forslag frå stortingsrepresentantane Per Olaf Lundteigen, Børre Rønningen og Erling Folkvord om at det britiske selskapet Rio Tinto Zink (RTZ) som i 1989 kjøpte halvparten av aksjane i Norzink A/S, blir underlagt konsesjonsbehandling for å få eigarskapet til Odda-bedrifta inn i lovlege former.


DATO: 1997-02-27

SIDETALL: 2


       Til Stortinget.

INNHOLD

Bakgrunn

Forslag


Bakgrunn

       I 1989 kjøpte Rio Tinto Zink (RTZ) opp gruve- og mineraldelen av oljeselskapet British Petroleum. Denne handelen førte til at RTZ vart eigarar til halvparten av aksjane i den norske bedrifta Norzink A/S.

       BP-selskapet British Petroleum Minerals Development Limited var sidan 1980 eigar av halvparten av aksjane i Odda-bedrifta Norzink A/S. Da RTZ kjøpte BP Minerals i 1989, overtok RTZ samtidig BP si rolle som eigar av halvparten av Norzink A/S. Der det før var BP sine folk som møtte i styret i Norzink A/S er det no RTZ sine representantar som møter. Dette oppkjøpet var ein del av den nye strategien RTZ satsa på frå midten av 1980-talet. Dei selde seg ut av olje og gass, sement og kjemikaliar for i staden å konsentrere seg om gruvedrift og verksemder som har tilknytning til dette.

       Omtrent samtidig skjedde ei anna endring på eigarsida i Norzink. Svenske Boliden AB, som sidan 1964 var eigar av den andre halvparten av Norzink-aksjane, overførte denne aksjeposten til det nyoppretta Boliden Mineral AB. Sjølv om dette berre var ei intern omorganisering og omstrukturering i Boliden, søkte dei svenske eigarane om ny konsesjon. Industridepartementet fekk dermed høve til å gå gjennom konsesjonsvilkåra som så vart presisert i den konsesjonen som Boliden Mineral AB fekk i juli 1989.

       Men RTZ søkte ikkje om konsesjon, sjølv om poenget i dette tilfellet var at ei heilt ny, utanlandsk eigargruppe kom inn som deleigar i Norzink A/S. Det gamle eigarselskapet til Norzink - British Petroleum Minerals Development Limited - finst ikkje lenger. Det er RTZ som eig halvparten av aksjane, møter på generalforsamlinga og peiker ut sine folk til styret i Norzink A/S.

       Denne handlemåten frå RTZ gjekk på tvers av dei konsesjonsvilkåra departementet fastsette da BP kjøpte aksjeposten i 1980. Der står det heilt klårt at

       « enhver overdragelse av aksjer til andre utenlandske rettssubjekter må godkjennes av departementet ».

       Industrikonsesjonslova § 39 a annet ledd hadde også ein ordlyd som ikkje ga rom for tvil:

       « Denne lovs bestemmelser om erverv av aksjer eller parter i selskaper med begrenset ansvar, skal også gjelde ved erverv av aksjer eller parter i selskaper (holding-selskaper), som direkte eller indirekte eier aksjer eller parter som representerer mer enn en femdel av samtlige aksjer, parter eller stemmer, eller når det gjelder erverv etter § 37, mer enn en tredjedel av stemmene, i andre selskaper som innehar eiendomsrett eller annen rettighet som omhandlet i denne lov ».

       RTZ skulle altså ha søkt konsesjon, både ut frå ordlyden i BP sine konsesjonsvilkår og ut frå ordlyden i lova.

       Advokat Ole Nyfløt skriv følgjande i boka « Bedrift og konsesjon. Konsesjon ved erverv av bedrifter, aksjer og selskapsandeler », som vart utgitt i 1989:

       « Konsesjonsplikten gjelder ikke bare ved erverv av større aksjeposter i selskaper som selv eier konsesjonspliktig eiendom eller leierett m.v., men også ved erverv av aksjer i holdingselskaper som eier aksjer i et annet selskap som sitter med eiendom eller rettighet som ikke kan erverves uten konsesjon ». (side 55).

       BP Minerals var i 1989 eit slikt selskap som eigde så stor del av aksjane i Norzink at dei « ikke kan erverves uten konsesjon ».

       Jon Ivar Nålsund som i 1989 var statssekretær i Næringsdepartementet, seier i intervju med Bergens Tidende 9. oktober 1996 at:

       « Rio Tinto Zink har tatt en råkjangs ved å drive videre uten å søke konsesjon. Det er helt vanlig at nye, utenlandske eiere alltid søker konsesjon, for på den måten å være sikker på at de driver i tråd med norsk lov.
       Men norske myndigheter har ikke noe apparat til å overvåke enhver slik sak, som vi hadde mange av på det tidspunkt ».

       Professor dr.juris Carl August Fleischer seier i ein kommentar til same avis at:

       « Selv om selskapet kan påberope seg at de overtok BP Minerals, og dermed førte videre deres eierskap, er det hevet over tvil at det skulle vært ført konsesjonsforhandlinger ».

       RTZ si overtaking av BP Minerals betydde at BP-selskapet vart « spist » av RTZ. Eigarskapet og råderetten over aksjeposten i Norzink A/S vart flytta frå BP til RTZ. Morselskapet i RTZ-systemet i dag er The RTZ Corp Plc, og dette selskapet hadde ved slutten av 1996 tilsaman 403 underselskap som er organisert i 8 grupper. Grant Thorne representerer RTZ i det noverande styret for Norzink A/S.

       Statsråd Grete Knudsen har hevda at konsesjonslova « ikke omfatter eiendomsoverganger som skjer ved at et utenlandsk selskap kjøper et annet utenlandsk selskap selv om en norsk aksjepost er et av aktivaene i selskapet ».

       Dette er ei lovforståing som går på tvers av den lovteksten som var gjeldande i 1989. Ein utanlandsk kjøpar kunne etter denne lovforståinga sleppe unna konsesjonsbehandling om han kjøpte opp heile aksjonæren, istadenfor berre å kjøpe aksjane i det norske selskapet. Ei slik lovforståing bryt med sjølve ideen bak industrikonsesjonslova.

       Sjølve føremålet med industrikonsesjonslova vart oppsummert slik av daverande stortingsrepresentant Jørgen Kosmo i 1988:

       « Når utenlandsk kapital eller selskapsinteresser går inn med så store eierinteresser at de er i stand til indirekte å styre bedriftenes disposisjoner, må vi være rimelig trygge på at intensjonene er å styrke virksomhetens næringsvirksomhet med basis i produksjon og utvikling i norsk interesse. Slik trygghet kan vi i rimelig grad skaffe oss gjennom konsesjonsbehandling ».

       Det som skjedde da BP selde eit av sine dotterselskap til RTZ i 1989, var at RTZ samtidig kjøpte aksjepostar i fleire selskap der BP selde seg ut. Aksjeposten i Norzink var så stor at salet kravde konsesjonssøknad til Næringsdepartementet.

       Lovteksten i 1989 understreker at lova « skal også gjelde ved erverv av aksjer eller parter i selskaper (holding-selskaper), som direkte eller indirekte eier aksjer eller parter ..., i andre selskaper som innehar eiendomsrett eller annen rettighet som omhandlet i denne lov ». Det hersker ingen tvil om at BP Minerals i 1989 var eit selskap « som innehar eiendomsrett eller annen rettighet som omhandlet i denne lov ».

       Ettersom statsråden ikkje vil handheve lovas klare ordlyd overfor RTZ er det nødvendig at denne saka blir behandla i Stortinget.

       I løpet av 1996 har RTZ fusjonert med eit av sine eigne dotterselskap. Det nye morselskapet heiter etter fusjonen The RTZ Corp. Plc. Eit pålegg om å søkje konsesjon i 1997 må rettast til det selskapet som da kontrollerer aksjeposten i Norzink A/S.

       Norzink har fått merke at RTZ stiller svært harde krav til avkastning. Eigarane i Norzink (RTZ og Boliden) tok ut 150 millionar kroner i 1992 og 100 millionar kroner i 1993, sjølv om årsoverskotta berre var på 33 og 76 millionar kroner i desse to åra. Norzink blir tappa for verdiar som gjennom mange år har vorti bygd opp i selskapet.

Forslag

       På denne bakgrunnen blir følgjande forslag sett fram

forslag:

       « Stortinget ber Regjeringa ta initiativ til at The RTZ Corp Plc eller det selskapet som kontrollerer aksjeposten i Norzink A/S på vegne av RTZ, blir underlagt konsesjonsbehandling for den overtakinga av 50 prosent av aksjane i Norzink A/S som vart gjennomført da RTZ kjøpte BP Minerals Development Ltd. i 1989.

27. februar 1997.

Sist oppdatert 24. august 2004 av Stortingets administrasjon